Gol kyrkje
Gol kyrkje
Litt om Gol kyrkje
Golbergsgutu 49

Altertavla i Gol kyrkje

Då nyekyrkja vart bygd i 1882, kom landskapsmålar Brun med tilbod til kommunen om å levera kopi av målarstykket "Jesu oppstandelse" som Adolp Tiedemand hadde måla i Bragernes kyrkje. Han ville ha kr 700 for det, og tilbodet vart godtatt.

"Jesu oppstandelse" hadde han kopiert til ca. 70 kyrkjer.

Motivet er den kvitkledde og gloriepryda Kristus som stig sigrande opp av grava med eit strålande lys kring seg. På høgre sida kneler ein engel med ei palmegrein som symboliserer sigeren. To romerske soldatar kastar seg i redsle overende i framgrunnen. Under biletet finn me teksten "Jeg er oppstandelsen og livet".


Dåpsengelen: 

Dåpsengelen i Gol kyrkje vart flytta frå stavkyrkja og over i den nye kyrkja ved innvielsen i 1882 . Dåpsengelen er frå siste del av 1700-åra med klassiserande trekk i drakt, laurbærkrans og frisyre. Gjennom tida har dåpsengelen hatt varierande plassering og opphengning i kor og seinare skip. I forbindelse med kyrkjas 125-års jubileum i 2007 ynskte soknerådet at dåpsengelen skulle tilbakeførast til opprinneleg plassering i koret, med hev-og senkbart oppheng, og tas i bruk ved dåp.

Den svevande engelen er utskjært i tre med eit stilisert, gallionsfiguraktig uttrykk. Høgre handa er utstrakt og held om ein grønnmåla laurbærkrans med plass for dåpsfatet. Med rett lillefinger er venstre handa lukka om ein gullmalt basun vendt nedover. 

Engelens alder og opprinnelse er i utgangspunktet ikkje kjent. Den er i dag den einaste bevarte ”innlandsengelen” og skil seg frå dei fleste andre dåpsenglar i Norge (17) ved at den ikkje har begge hendene utstrakt i grep om dåpsfatet.

Dåpsengelen skal vera kjøpt av Svein Underberget frå Gol omkring 1850 og gjett til Gol stavkyrkje.

Lysgloben i Gol og Herad kyrkjeLysgloben:

Lysgloben i Gol og Herad kyrkje er laga av Birger Brenn i 1994.  Lysgloben brukar stå på høgre sida nederst i kyrkja.  Kristuslyset (det store i midten) tenner kyrkjetenaren når dei andre lysa i kyrkja er tent.