Vigsel
Vigsel

Informasjon om vigsel i Gol og Herad kyrkje. Kontakt kyrkjekontoret i Gol for avtale om vigsel.

Kontakt kyrkjekontoret i Gol for avtale om vigsel
 
KYRKJENE
Gol kyrkje og Herad kyrkje. 
Gol kyrkjekontor tlf. 32 02 90 00 
Gol stavkyrkje: Gol stavkyrkje A/S tlf. 32 02 99 50. 
Oset kapell: Oset Høyfjellshotell tlf. 32 07 39 20
 
Ved leige av Gol stavkyrkje  eller Oset kapell er det viktig at de på førehand har inngått avtale med prest om vigsel den aktuelle datoen. Dersom annan prest skal vere vigselsmann må de melde frå til den lokale presten i god tid.
 
VIGSELSPAPIR
Skjemaer som skal fyllast ut; 
- Erklæring frå brudefolka (Q 0150) 
bokmål eller nynorsk
- Forlovarerklæring (Q 0151) 
bokmål eller nynorsk
- Melding om endring av navn (dersom brud/brudgom skal endre navn etter vigsla) sendast til folkeregisteret. 
- Erklæring om skifte (Q 0160) (dersom ein el. begge er enke/enkemann eller skilt.) 
(bokmål/nynorsk)
 
Aktuelle skjema får de hjå folkeregisteret. Utfylte skjema leverer de til det lokale folkeregisteret (der brud, brudgom eller båe bur) seinast 14 dagar før vigsel.
 
Prøvingsattesten som de får attende frå folkeregisteret, tek de med til presten i forkant av vigsla.
 
SAMTALE 
 Presten tek kontakt for avtale om vigselsamtale. Ekteskapet og den føreståande vigsla er sentrale tema i samtala. Avtale må gjerast i rimeleg tid og seinast 14 dagar før vigsla.
 
PYNTING AV KYRKJA– SONGAR – MUSIKK
Kontakt kyrkjekontoret i Gol. Då får de vite kva organist og kyrkjetenar som har teneste på dykkar vigselsdag. Ynskjer de å nytte eigen organist, må de melda frå om det.
 
Kontakt kyrkjetenar i god tid for å avtale tid til pynting av kyrkja.
Salmar og songar avtaler de med presten (sjå salmeforslag). Det øvrige musikalske stoffet avtaler de med organisten. Det vert primært nytta songar frå Salmeboka som høver inn i kyrkjeleg samanheng.
 
KOSTNADER
Gol kyrkje og Herad kyrkje 
Innanbygds*: Kostnadsfritt. 
Utanbygds:Kr. 5.500,- (inkluderer bibel, organist, kyrkjetenar og leige av kyrkje)  + Kr. 2.164,- og skyssgodtgjersle (honorar prest). 
Utanbygds dersom brud eller brudgom er oppvaksen og/eller har foreldre som er heimehørande i Gol:kr. 1.500.-.
Prisane er med forbehold om prisendring
 
Kyrkjeleg fellesråd sender rekning for leige av kyrkje og kyrkjetenar/organist. Honorar til prest betalar de etter avtale med presten.
 
Gol stavkyrkje og Oset kapell:
Utleigar sender rekning for leige av kapell. Honorar til prest betalar de etter avtale med presten.
 
*Innanbygds = når brud, eller brudgom har folkeregistrert bustadadresse i kommunen der vigsla skal foregå. Innanbygds som leiger Gol stavkyrkje, Oset kapell avtalar og gjer opp med utleigar.
 
Meir om vigsel kan du finne den norske kyrkja si heimeside www.kirken.no