Trusopplæring i Gol
Trusopplæring i Gol
Om trusopplæringa i Gol
"Så blir det verandre desse tre: Tru, håp og kjærleiken. Men størst av dei er kjærleiken." 1. kor 13, 13

Kjærleik er den sentrale verdien som fortel både korleis Gud og korleis vi blir utfordra til å møte kvarnadre. Denne grensesprengande kjærleiken er kyrkja sin grunnleggande verdi. I 2003 vedtok Stortinget ein reform av trusopplæringa i Norge. Stortinget ynskjer at trusopplæringa i Den norske kyrkje skal stimulere til bygging av eiga identitet og forståing av eigen kultur og tradisjonar i eit samfi\unn der innslaget av ulike trus- og livssynssamfunn blir stadig rikare.

Trusopplæring i Hallingdal
Hallingdal har vore eit prosjektprosti i forsøket om å vere med å lage ein ny og betre systematisk trusopplæring i heile landet. Ulike forsøk og tiltak har vorte utprøvd som kan komme barn mellom 0 og 18 år til gode. No er prosjekttida over og i Gol har det vorte enda meir fokus på dei yngste i kyrkjelyden.

Trusopplæring i Gol
Ved dåpen forplikta kyrkjelyden og foreldre seg til å gje barnet ei kristen opplæring. Kyrkjelyden i Gol og Herad vil gjerne samarbeide med foreldre om dette ved å invitere til følgjande opplegg:

Dåpssamtale
Den fyrste kontakten med kyrkja skjer gjern ei samanheng med dåpen. Før dåpshandlinga har forladre ein samtale med presten. 

Dåpslys
På dåpsdagen får barnet eit dåpslys. Lyset skal symbolisere at trua er tent i hjartet. Å tenne lyset på dåpsdagane er ei fin påminning for barnet om at det på ein spesiell måte høyrer til hjå Gud.

Dåpsdagen 
På 1, 2 og 3 års dåpsdag får barnet ei lita gåve fra kyrkjelyden. Det kan vere hjelp til å formidle den kristne trua i kvardagen.

Familiegudstenester
Kvart semester er det familiegudsteneste som er spesielt tilrettelagt for barn. Ofte vert dei kalla Sprell Levande gudsteneste.

4 års boka
I kyrkja får barnet del i fellesskapet med Guds barn i alle aldre. Dei vert inviterte til ei samling på hausten, der barna blir betre kjent med presten, Bibelen og kyrkjerommet. 4 åringen får "4 års boka" på sundagen etter, når det familiegudsteneste.

Dåpsskule
Det året barnet vert 6 år, får han/ho invitasjon til å vere med på dåpsskule. Det er to samlinger på våren med kjente Bibelforteljingar og opplevingar i kyrkjerommet. På sundagen etter får dei diplom og ei gåve på familiegudstenesta.

Skulealder
Trusopplæringa inviterar til ulike arrangemnet for dei i skulealder. Det kan vere bu-heime-leir, tårnagenthelt, overnatting i kyrkja og KA-dag. I tilleg kjem dei faste aktivitetane for barn i skulealder.

Konfirmasjon
Konfirmasjon er ei stadfesting av dåpen. Opplegget går over eit skuleår og inneheldt undervisning, temakvelder, nattcup, helgetur og gudstenester.