Medlemskap i Dåpsklubben Tripp Trapp
Medlemskap i Dåpsklubben Tripp Trapp

9 000 born får pakkar med bibelforteljingar, kveldsbøner og filmar i postkassa tre gonger i året. Meld deg inn og få pakkar i posten du og!

Faddergåve

 

Som fadder lovar ein å bidra til at barnet skal lær om den kristne trua. Eit medlemskap i Dåpsklubben Tripp Trapp kan vere eit godt alternativ som faddergåve.

Å vere fadder for eit barn er ei oppgåve som ikkje vert avslutta når dåpshandlinga er over, for mange betyr det livsvarige band. Som fadder lover ein å bidra til at barnet skal lære om den kristne trua. Eit medlemskap i Dåpsklubben Tripp Trapp kan vere eit godt alternativ som faddergåve. Det meiner Anne Line Tufteland Kroken, prest i St. Jacob kyrkjelyd i Bergen. Ho er fadder til Peder (1 år), og då han vart døypt våren 2015 var medlemskap i Tripp Trapp-klubben gåva frå henne.

 

Lettar relasjonsbygginga

-- Dåpsklubben bidreg positivt i fadderrolla ved at den gir informasjon og opplæring om den kristne trua gjennom Peders barne- og ungdomstid. Det er lettare å drive trusopplæring viss ein har materiale og informasjon å vise til. Det gjer det også lettare å bygge relasjon mellom meg og han fordi vi har bøker vi kan lese i lag, fortel Anne Line. Dåpsklubben sender ut 3 pakkar i året med bøker og anna materiell. Kroken fortel vidare:

-- Dåpsklubben gjer det lettare å utføre det oppdraget som eg har lova å gjere. IKO har mange fine måtar å synleggjere bodskapen på og gjennom materialet i Dåpsklubben blir det meir levande. Hadde eg berre hatt Bibelen å vise til, ville det ha vore vanskelegare.

Viktig med kunnskap om religion

Dåpsklubben Tripp Trapp gir ut materiell som fortel om ulike deler av samfunnet. Eitt døme er den kritikarroste boka Akim løper. Boka handlar om barn på flukt og er veldig samfunnsaktuell i den flyktningsituasjonen vi står i no.

-- Det er viktig for eit barn å få vite noko om det samfunnet og den religionen ein er ein del av. Det å få kunnskap om den kristne trua gir kunnskap om religion, og når ein er kjend med omgrep knytt til eins eiga tru er det lettare å vere i dialog med andre religionar, seier Kroken.

 

Iko kvalitetssikrar gåva

I IKO-Forlaget er det fleire som jobbar med utveljing av bøkene og materialet barna mottar gjennom Dåpsklubben, og nettopp dette trekker Kroken fram som ein av dei viktigaste grunnane til at ho valde eit medlemskap for sitt fadderbarn:

-- Eg slepp å ta jobben med å kvalitetssikre gåva fordi eg veit at IKO gjer ein grundig jobb og har ein god teologi, derfor er eg trygg når eg hjelper foreldra med trusopplæringa for Peder, fortel Kroken.

 

Fint at ting går av seg sjølv

Som avslutning spør eg korleis det påverkar henne i kvardagen og då ler ho medan ho forklarar:
--- Det beste er nesten at det går av seg sjølv. Fadderbarnet mitt får kontinuerleg gode gåver, eg stressar ikkje med handling og det er gåver som gir større meining. Til dømes seier badeboka Arken noko om at Gud tar vare på barn, og det er nettopp det eg vil at Peder skal vite.  

 

www.tripptrapp-klubben.no