Lys våken!
Lys våken!
Overnatting i kyrkja

Fyrste adventshelga var 16 femteklassingar og nokre leiarar på overnatting i Gol kyrkje. Det var mykje aktivitetar og høgt tempo frå laurdag ettermiddag kl 16 til gudstenesten og kyrkjekaffien var ferdig sundag morgon. Vi begynte med å leike og bli kjent, før vi hadde ei fin vandring på kyrkjegarden og fann grava til nokon i familien, eller andre vi visste om der. Etterpå var det klart for salmeverkstad, der vi jobba med salmane til gudstenesten på sundagen. Vi såg og litt på "Salmer minutt for minutt" på nett-tv innimellom denne helga. I forbindelse med maratonsendinga på nrk, sponsa i år Kyrkjerådet salmebok til alle deltakarar på Lys Vaken, så alle fekk si eiga pocketutgåve av denne.

         

Alle heltar må ha mat! Til kveldsmat var det pizza frå Ceylon - det smaka godt!
Etterpå gjekk vi laus på gudstenesteverkstaden og øvde på prosesjon og diverse til gudstenesten på sundag. Det vart og tid til ein sporleik, før vi samlast i alterringen til kveldssamling med levande lys! Deretter kom pysjen på, men kvelden var absolutt ikkje over! Det vart litt laurdagskos og film på storskjerm, før tannpuss og sovepose venta. Ikkje alle var søvnige sjølv om det var seint på kveld, men alle sovna til slutt!

      

Sundag var det opp 07.30 for frukost og rydding for å gjere alt klart til gudstenesten klokka 11. Etter gudstenesten var det kyrkjekaffi, og så gjekk turen heim (for å sove?). Takk for ei flott overnatting til alle som deltok!