Leirstøtte til barn og unge
Leirstøtte til barn og unge

Barn og unge kan få dekka inntil halve deltakaravgifta på kristne leirar

Barn og unge busett i Gol og Herad som har lyst til å reise på kristen leir, kan søke om økonomisk støtte til leiropphaldet. Pengane kjem frå eit legat til dette føremålet.  Det er mogleg å få dekka inntil halve deltakaravgifta. Det er sett ei begrensing på maksimal utbetaling per år.

Søknaden kan sendast til kyrkjekontoret på e-post: kyrkja@gol.kommune.no.  Dei som blir sponsa, må ta bilder og skrive om leiren i kyrkjebladet.

Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med Anne Gerd Jorde 971 58 134