Trusopplæring i Gol og Hemsedal – for alle?!?
Trusopplæring i Gol og Hemsedal – for alle?!?

Står ditt barn i våre lister?

Når vi arrangerar trusopplæringstiltak i kyrkja , sender vi ut invitasjonar til dei vi får opp i vårt medlemsregister. Der får vi opp dei som er døypt. I tillegg får vi opp borna der minst ein av foreldra er medlem i Den norske kyrkje. Vi veit at det er nokon som fell utanfor desse gruppene som òg har interesse av å delta på våre trusopplæringstiltak. Det kan til dømes vere nokon som høyrer til andre kristne trussamfunn. Desse får altså ikkje direkte invitasjon frå oss, men det er ikkje fordi vi ikkje vil ha dei med! Tiltaka våre er opne for alle som ønsker å delta!

Er du usikker på om ditt barn står i våre lister? Om du ønsker at barnet skal få invitasjon tilalderstilpassa  trusopplæringstiltak (t.d. 4-årssamling, tårnagenthelg eller lys våken), ønsker vi at du tek kontakt med kyrkjekontoret v/Britt Marie, slik at vi får notert namn, kontaktinfo og fødselsdato til borna.

Med venleg helsing
Britt Marie Haraldset Hafsås, tlf: 489 59 826, e-post: britt-marie.haraldset-hafsas@gol.kommune.no / Gerd Eli Berge tlf.415 08 155


Du kan og vere ven med «Menighetspedagogen Gol og Hemsedal» på facebook ;-)