Ledig 100% fast diakonstilling
 Ledig 100% fast diakonstilling

Har du lyst til å bo i eit område med god tilgang til friluftsliv både sommar og vinter?

Har du lyst til å bo i eit miljø der du kan delta på mange ulike kultur – og fritidsaktivitetar?

Har du lyst til å bo der vi har  heilt ny og moderne skule for 1.-10. trinn?

Har du lyst til å arbeide i ei bygd med eit fargerikt fellesskap (mange nasjonalitetar)?

Har du lyst til å arbeide i ein omgjengeleg stab som set samarbeid og trivsel høgt?

Då er Gol og denne jobben noko for deg!

 

Gol kommune ligg i Hallingdal prosti og det er god forbindelse til både Oslo og Bergen. Gol har om lag 4 600 innbyggjarar fordelt på to sokn. I tillegg til soknekyrkjene Gol og Herad kyrkje, ligg også nye Gol stavkyrkje og Oset kapell i kommunen.  Det er ein del kyrkjelege handlingar i båe desse kyrkjene.

 

Kyrkjene i Gol og i Hemsedal kommune var frå gamalt eit prestegjeld og det er fortsatt ein del samarbeid mellom desse sokna. Ved Gol kyrkjekontor er det totalt 6,5 årsverk fordelt på 9 tilsette. Vi er godkjent som Grøn menighet.Sjå gjerne på heimesida vår www.gol.kyrkja.no

 

 

Diakon i  100% stilling.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Lede det diakonale arbeidet i samarbeid med sokneråd, diakoniutval og stab
  • Arbeid blant eldre og menneske med nedsatt funksjonsevne
  • Fleirkulturelt arbeid i eit fargerikt fellesskap
  • Andakt på institusjonar
  • Delta saman med prest på nokre gudstenester i året
  • Arbeid med konfirmantar på fasteaksjon og andre aktuelle arrangement med ungdom
  • Sorgarbeid
  • Besøksteneste
  • Arbeid i forhold til vedteke diakoniplan (vil bli revidert når nytilsett diakon er på plass)

     

    Kvalifikasjonar:

  • Krav om mastergrad i diakoni
  • Søkjar må vera medlem av Den norske Kyrkje
  • Personlege eigenskapar for stillinga vil bli vektlagt
  • Tilfredsstillande politiattest må leggast fram ved tilsetting (kyrkjelova § 29)
  • Må disponere eigen bil

     

    Personlege eigenskapar:

  • God kommunikasjon både med enkeltmenneske og samarbeidande instansar
  • God samarbeidsevne
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
  • Kreativ og idérik og ha gjennomføringsevne
  • Flink til å inspirere og leie frivillige

     

    Vi tilbyr:

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Kontorplass saman med dei andre kyrkjeleg tilsette i Gol kommunehus
  • Løn etter KA sitt lønsregulativ.
  • Pensjonsordning i KLP
  • Gol kyrkjeleg fellesråd er IA-bedrift

    Tilsetjing skjer med forbehald om vigsling og at biskopen gir tenestebrev.

    Oppstart i stillinga etter nærare avtale.

     

    Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Anne Gerd Jorde tlf. 971 58 134 eller sokneprest

    Jan Olav Skinnemoen tlf. 952 75 312.

    Søknad med attestar, vitnemål og referansar kan sendast til kyrkja@gol.kommune.no, eller Gol kyrkjeleg fellesråd, Gamlevegen 4, 3550 Gol innan 1. mars 2017.