Årsmelding Fellesrådet 2018
Årsmelding Fellesrådet 2018
Årsmelding Fellesrådet 2018

ÅRSMELDING

 

GOL

KYRKJELEGE  FELLESRÅD

 

 

2018

 

 

 

 

 

 

grønn menighet 003       Bilde%20Gol%20kyrkje%202007

 

 

 

Organisering av den lokale kyrkja

Gol fellesråd består av 2 soknerådsmedlemer frå Herad sokn og 2 soknerådsmedlemer frå Gol sokn. I tillegg sit sokneprest og kommunal representant (ordføraren) i fellesrådet.

Fellesrådet har oppgåvene med forvaltning av kyrkjer og kyrkjegardar samt personalansvar og det økonomiske ansvaret for drifta.

 

Fellesrådet har vore slik samansett i 2018:

                                    Medlemar:                                          Varamedlemar:

Leiar:                          Ola Grønseth                                      Ingrid Nibstad Fosshagen

                                    Laila Andersen Bakke i perioden 01.04.-31.08

Nestleiar:                    Laila Andersen Bakke                       Gerd Marie Karterud Storebraaten

                                    Ola Grønseth i perioden 01.04. -31.08.

Medlem:                     Trygve Lono Smedsgård                   Jorunn Viljugrein Stake

Medlem                      Gunn Astrid Frøysok                         Olveig Synnøve Engene

Sokneprest:                 Jan Olav Skinnemoen                        Camilla Osnes

Frå kommunen:           Heidi Granli                                        Roger Toppen

 

Kyrkjeverja er saksbehandlar og sit som sekretær i Fellesrådet

 

Fellesrådet

§ 14 i Kyrkjelova gir følgjande oppgåver til fellesrådet:

”Kyrkjeleg fellesråd skal ivareta administrative og økonomiske oppgåver på vegne av sokna og utarbeide mål og planar for den kyrkjeleg verksemd i kommunen, fremja samarbeid mellom sokneråda og ivareta sokna sine interesser i forhold til kommunen.”

I praksis betyr dette oppgåver på desse områda:

  • mål og planer
  • økonomiansvar
  • personalansvar og personalforvaltning
  • drift og vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar

 

I tillegg til årlege saker som konstituering av rådet, rullering av økonomiplan, budsjett både for drift og investering, budsjettrevidering, status rekneskap og rekneskapsavslutning, årsmelding og  revisjonsrapport har fellesrådet i 2018  behandla saker som:

 

* HMS rutine – varsling – endring i rutine

* HMS rutine for opplæring av nye tilsette

* Søknad om å verne grav

* Samanslåing av Gol og Herad sokn til eit sokn

* GDPR – rutinar og retningsliner

* IKT Kirkepartner dataplattform – spørsmål om kjøp

* Retningsliner for bruk av midlar/fond frå ungdomskoret Pax

* Lekkasje på taket på Gol kyrkje

* Søknad om støtte til 4H- utveksling

* Rapport etter psykososial kartlegging blant tilsette og handlingsplan

* Rapport etter vernerunde

* Høyring – forslag til ny kyrkjeordning

* Brannvarslingssentral og detektorar Gol kyrkje

* Utviding av pumpehus ved Gol kyrkje

I november var det felles møte for alle fellesråda i Hallingdal der dataplattforma Kirkepartner som er kyrkja sitt datasystem, vart gjennomgått.

Tilsette I  2018:

Ludvig Munkejord                 kyrkjetenar                             100 %

Knut Ole Klepp                      kyrkjetenar inkl. reinhald         40 %

Berit Langehaug                    sekretær                                    50%  - vart pensjonist 31.01.2018 Thorunn Haugo             sekretær                                    50 %  - frå 01.02.2018

+ 20 % vikar for kyrkjeverje

Martha Frøyland                    diakon                                    100 %

Justin Vickery                        kantor                                     100 %

Britt Marie H. Hafsås             trusopplærar                            100 % - 40% i Hemsedal og

  50% ulønna

  omsorgspermisjon

  til 18.08.2018

Gerd Eli Berge                       vikar trusopplæring                  50%  - vikariat til 31.07.2018

Anne Gerd Jorde                    kyrkjeverje                              100 % - permisjon i 20%

 

Tormod Skarsgard                 klokkar                                   Timeløna

Birgit Hatten                          klokkar                                   Timeløna

Gro Jordheim                         klokkar                                   Timeløna

Ingrid Økesveen                     klokkar                                   Timeløna

 

Dei timeløna klokkarane er alle klokkarar i Gol kyrkje.

I Herad kyrkje er det kyrkjetenar Ludvig Munkejord som har klokkartenesta inne i si stilling.

 

Britt Marie Haraldset Hafsås er tilsett i 100%, men 40% av stillinga høyrer til Hemsedal og blir refundert derfrå.

 

Prestar:

Jan Olav Skinnemoen er sokneprest i Gol, men er tilsett gjennom bispedømmerådet og ikkje fellesrådet sin tilsett.  Camilla Osnes er tilsett som sokneprest i Hemsedal og har ein del tenester i Gol.

 

Vikarar for organist på frihelgar og ferie som blir brukt er Audun Haugeplass, Kåre Sørum, Ingebjørg Solhjell og Michael Sødergaard Christensen.

 

I tillegg har det vore sumarhjelp på kyrkjegarden –Olav Anders Engene og Vebjørn Buøen Øynebråten.

Paul Swales  hadde arbeid nokre veker hausten 2018 med  flytting av gravminne etter omreguleringa.

 

 

Musikkrom - Om hørsel

Alle tilsette er viktige brikker for å få til eit heilt bilde

 

KOMPETANSEUTVIKLING 2018

 

  • Fagdag om barn og sorg (arr. Ål kommune)                   - diakon, sekretær og kyrkjeverje
  • Fagdag diakoni (2 dg i april) (arr: bispedømmet)           - diakon
  • Fagdag diakoni (1 dg i nov) (arr.bispedømmet)              - diakon
  • Fagdag undervisning (1 dg i feb) (arr.bispedømmet)      - trusopplærar og vikar          
  • Fagdag undervisning (2 dg i mai) (arr.bispedømmet)     - trusopplærar                                    
  • Fagdag undervisning (1 dg i nov) (arr.bispedømmet)     - trusopplærar
  • Arbeidsgjevarkonferansen (arr. KA)                              - kyrkjeverja
  • Fagdag kyrkjeverjer (2 dg i aug) 1 dag med prostane    - kyrkjeverja
  • Sorggruppeleiarkurs (2 dg)                                             - diakon og kreftkontakt i kommunen
  • Brannforbyggande kurs (arr. KNIF forsikring)               - kyrkjetenar og kyrkjeverje
  • Fagkurs – Bibelreisen ( 1 dg tilknytta trusoppl.konf)     - trusopplærar                                                
  • Trusopplæringskonferansen                                             - trusopplærar og kyrkjeverje
  • Haustkonferanse (2 dg)  (arr.KA)                                   - kyrkjeverja
  • Fagdag administrastivt tilsette (arr.bispedømmet)          - sekretær
  • Tverrfagleg samling (1 dg i nov) (arr.bispedømmet)      - organist, diakon, trusopplærar og prest      
  • Infoseminar om Eritrea (arr: Ål kommune)                    - diakon
  • Kurs formidling av bibelfortellingar (arr. prostiet)         - prest, diakon, trusopplærar og kyrkjeverje
  • Tekstlesarkurs (arr. prostiet)                                           - fleire av tekstlesarane i kyrkja deltok
  • Kveldskurs formidling av vanskeleg bibelfortellingar

    for frivillige (arr. kyrkja/søndagsskule Hemsedal)         - fleire frivillige i barnearbeidet deltok

Sokneråda sendte ein representant på Ungdomens Bispedømmemøte. Det var Anne Munkejord.

 

Diakonen deltek på ABV (Arbeidsveiledningsgruppe) på Modum der det er gruppe av personar med ulik kyrkjelege stillingar og ein veileder. Det er 3-4 samlingar i semesteret.

 

Trusopplærar har teke 15 studiepoeng i « Levande tru – kristen tru i praksis» (våren 2018) og 15 studiepoeng i «Bibelen –truskjelda» (hausten 2018).  Dette går inn i eit nettstudie på 60 studiepoeng i trusopplæring i samarbeid med MF og VID.

 

Diakonen arrangerte halvdagskurs på Gol bedehus om musikkterapi i eldreomsorgen.  Helse og Omsorg frå heile Hallingdal var invitert i tillegg til alle andre som ønska. Musikkterapeut Guri Gjermstad Dypvik hadde kurset og musikkterapeut Manna Fenes deltok også. 16 deltok på kurset.

 

 

skolens-sangbok.jpg

SAMARBEID I HALLINGDAL

 

Kyrkjeverjene i Hallingdal har hatt 4 møter i løpet av 2018. På dei fleste møtene for kyrkjeverjene møter også prosten. 

 

Trusopplærarane har hatt 2 regionale samlingar våren 2018 og ingen på hausthalvåret.  

 

Diakonane har hatt 6 samlingar.  Det er diakon berre i Gol og Ål. Dei har hatt sorggruppe for Ål og Gol saman og dei har også saman arrangert forbønsgudsteneste for barn og unge i Palestina og Israel i Torpo kyrkje.

 

Prestane i Hallingdal har samling kvar månad.

 

På gravferdsområdet skal det kvart år arrangerast eit dialogmøte med alle trussamfunn i lokalmiljøet.  På slike samlingar har det siste åra vore gravferdsbyrå og kyrkjeverjer som har møtt og i blant 1-2 trussamfunn. Dette har delvis vore møte for alle Hallingdalskommunane eller både Valdres og Hallingdal. Det vart ingen slik møte i 2018, men blir på nytt i 2019.

 

 

SAMLINGAR I STABEN

 

  • Stabsmøter ca annakvar tysdag (2 timar)

     

  • I juni hadde staben i Gol og i Hemsedal felles stabstur over 2 dagar.  Fyrste dag var stabsdag saman med staben i Modum på Blåfargeverket. Om kvelden deltok staben på 70-årsmarkering for bispedømmet på konsert i Tønsberg domkirke. Det var overnatting på Strand leirstad ved Sandefjord og tur og befaring i Svelvik kyrkje på heimvegen.

     

  • Stabane i Hemsedal og Gol var også samla etter arbeidstid på flatbrødbakeriet i Hemsedal ein kveld i desember.  Der hadde kyrkjetenaren i Hemsedal, som opprinneleg er bakar, kurs og bakstekveld for stabane.  Vi laga vår eigen pizza som vi et saman, vi baka julekake og småkaker.

     

 

                                 

DIAKONVIGSLING 8. APRIL

 

I april vart Martha Frøyland vigsla til diakon.  Ho hadde då vore tilsett sidan august 2017. 

Martha vart vigsla til teneste av biskop Per Arne Dahl. Etter gudstenesta var det fest på Gol bedehus med småmat, lefsekling, kaker og mange helsingar til Martha. Over 100 personar deltok på festen etter gudstenesta.  Det vart ein høgtideleg og fin dag.

 

 

 

 

 

 

 

MEDARBEIDERFEST 15. NOVEMBER

 

 

MenighetI november arrangerte staben fest for alle frivillige og medarbeidarar i kyrkja.  Festen var på Gol bedehus og nesten 50 personar i tillegg til staben deltok.  Staben stod for mat og underholdning. Det var flotte musikkinnslag ved Manna Fenes (fiolin) og Guri Gjermstad Dypvik (piano).  Ordførar Heidi Granli og Guri G. Dypvik vart intervjua om frivilligheit.

 

 

 

 

 

 

 

RESULTAT – DEI ULIKE FELLESRÅDSOMRÅDA

 

Kyrkjeleg administrasjon, kap. 41.

 

Av saker som har vore arbeid med i 2018  kan nemnast:

  1. Det er innført Vipps til kollekt (sokneråda) og til betaling ved arrangement (fellesrådet)
  2. Samanslåing av Gol sokn og Herad sokn til eit sokn frå 01.01.2020. Saka er ferdig handsama og vedteke i Bispedømmerådet.
  3. Utarbeid rutinar og delvis sett i verk regelverk for GDPR (nye regalar om personvern)
  4. Starta arbeidet med opprydding av arkiv særleg med tanke på GDPR reglar.
  5. Sekretær har arbeid systematisk med facebooksida og auka følgjarar frå 542 til 655 sidan 2017.
  6. Utført psykososial kartlegging i staben og hatt påfølgjande møte med bedriftshelsetenesten om resultat og vidare oppfølging
  7. Oppdatert/laga nye HMS rutiner for varslingsrutinar og opplæring av nye tilsette
  8. Gjennomført årleg vernerunde
  9. Arbeid med eventuelt innføring av IKT plattforma Kirkepartner i Hallingdal – ikkje realisert enno
  10. Ny leigeavtale for 10 nye år på Gol bedehus er forhandla fram

 

Utfordringar:

  • Kontinuerlig arbeid for eit godt arbeidsmiljø.
  • Meir systematisk planarbeid med målsettingar
  • Utvikle brukarundersøkingar ved ulike arrangement og kyrkjelege handlingar
  • Skaffe nok økonomi både gjennom tilskot frå kommunen, men også via andre plassar det går å søke støtte frå
  • Stor opprydding i arkiv og fjernarkiv for å kunne starte på ny arkivperiode frå 01.01.2020 når sokneråda er slått saman
  • Laga nytt arbeidsregelment/reglement for fleksitid mm
  • Sjekke/ajourføre kyrkjebyggdatabasen der alt inventar er innført
  • Førebu samanslåing av sokna med tanke på budsjett, rekneskap, Brønnøysund register mm

     

     

    Kyrkjene, kap. 42

    Av arbeid på kyrkjebygga i 2018 kan nemnast:

  • Varmestyring i Herad kyrkje er på plass
  • Tetting av 7 lekkasjar på sprinklinga i Herad.  Anlegget er trykksett på nytt og fungerer nå bra.
  • Montert utringarar som gir melding på telefon til kyrkjetenar og kyrkjeverje om det blir lekkasjar – unngår då brannutrykking.
  • Reperasjon av tak på Gol kyrkje (ikkje heilt tett enno)
  • Reperasjon av vindskier på tak Herad etter vinteren
  • Reperasjon av vassrøyr – bytta deler til plast i kjellar Gol kyrkje etter lekkasje
  • Reperasjon og oppsett av nye nødlys etter årleg gjennomgang

     

    Utfordringar:

  • Sluttføring av rehabilitering i Gol kyrkje –sprinkling, brannvatn.
  • Lekkasjar på taket på Gol kyrkje – oppfølging vidare
  • Oppussing av alterring Gol kyrkje
  • Utbetring av kloakken i Gol kyrkje
  • Om ynskjeleg få projektor i Herad kyrkje
  • Oppussing av dåpssakrestiet i Herad kyrkje- nye skap og løysingar
  • Dåpsengelen – plassering og bruk i Gol kyrkje
  • Vedlikehaldsbeis på øvre del av Herad kyrkje (nederste veggane er beisa)
  • Utgreie innbrotsalarmar
  • Termofotografering og eventuelt tilstandsanalyse av kyrkjebygga

     

     

Kyrkjegardane, kap.43.

Av arbeid som er gjort i 2018 kan nemnast:

  • Årleg dugnad før konfirmasjon på begge kyrkjegardane
  • Sumarstell på 98 graver og planting på 91 av desse
  • Hauststell på 50 graver (sokneråda plantar)
  • Bolting av 17 gravminne
  • Flytting av 28 gravminne
  • Sett ned 19 plantekasser
  • Skaffa ny stemplingskasse til Herad
  • Ny båretralle med store hjul (lett å trille frå og til bårerom)
  • Skaffa ny monumenttralle (HMS tiltak for å unngå ryggtrøbbel)
  • Utviding av Gol kyrkjegard – sjekka for kulturminner og teke jordprøver
  • Grusa opp parkeringsplass ved Herad kyrkje
  • Fjerna kabel som gjekk inn på gravplass i Herad

     

    Utfordringar:

  • Reperasjon av steinmur under hjørne på gravfelt A i Gol (arbeid er bestilt)
  • Vidareføring av planteplana Gol kyrkjegard
  • Nytt alter på stavkyrkjetomta
  • Kva skal skje med gamal «stav» som mest sannsynleg er frå gamle stavkyrkja
  • Reparere gjerde på stavkyrkjetomta
  • Motorvarmar til gravemaskin og andre køyretøy ved «bingen» ved Herad kyrkjegard
  • Vidare arbeid med flytting av gravminne på Gol felt G og Herad felt E og F.
  • Nytt gjerde på sørsida av  Gol kyrkjegard
  • Asfaltering av parkeringsplassane (Herad vart utsett for å få det asfaltert saman med gangveg)
  • Vidareføring av arbeidet med utviding av kyrkjegarden ved Gol kyrkje
  • Nye vasspostar på Gol kyrkjegard
  • Nye oppslagstavler ved kyrkjene og pusse opp dei som står der.

     

     

    Parkeringplassen ved Herad før den vart grusa

     

     

    Andre kyrkjelege formål, kap.44.

               

    Kyrkjemusikk

  • Det var til saman 8 konsertar i kyrkjene i Gol og Herad i 2018 inklusiv ein orgelmeditasjon.

    Av desse er:

  • 1 trekkspelkonsert i Herad kyrkje
  • 1 konsert med Kråkesølv saman med orgel og fele i Herad
  • 1 orgelmeditasjon i påsken i Herad kyrkje
  • 1 orgelkonsert i Gol kyrkje

    1 korkonsert med russisk sanggruppe i Gol kyrkje

  • 1 tradisjonell adventskonsert i Gol kyrkje med lokale kor og solistar deltok

Andre aktørar som har brukt kyrkjene:         

  • Frelsesarmeen hadde konsert i Gol kyrkje i april
  • Julekonsert med Mads Belden i Gol kyrkje

     

  • Det har vore engasjert fleire solistar til oppdrag på gudstenester og musikkinnslag på kveldsbøna i stavkyrkja – (fiolin, trekkspel, hardingfele, lutt, trompet og song og gitar)
  • Det har vore 1 folkemusikkmesse i Gol stavkyrkje
  • Det har vore bra innsats frå nokre forsongarar på gudstenestene
  • Kantoren spelar til alle kyrkjelege handlingar og gudstenester og på andakter og gudstenester på Helsetunet
  • Kantoren spelar på  PU- sanggruppe annakvar veke saman med diakonen
  • Kantoren vår har skrive fleire nye musikkstykke som er framført i kyrkjene våre

     

     

     

    Vintage Sheet Music

     

     

     

     

     

     

     

     

    Trusopplæring

    Trusopplæringsplanen er eit arbeidsreiskap for alt arbeidet til kyrkjelydspedagogen – plana blir evaluert kvart år.  Tal i ( ) er tal frå 2017.

    Trusopplæringsutvalet har hatt 2 møter i 2018. Trusopplæringsplanen har hatt ei større revidering i 2018 så fokus har stort sett i møtene vore det som står i planen.

     

  • Gjennomført 36(17) dåp i 2018, av desse hadde 28 (13) bustadadresse i Gol.  8 (4) barn har bustadadresse andre stader, men er døypte i Gol. 1 barn frå Gol er døypt i anna kommune.  Dette vil seia at 29 barn som bur i Gol er døypt i 2018
  • 3 tilflytta barn som er døypt i 2017 og 2016 er registrert ekstra inn på dåpsbesøk.
  • 12 (13) frivillige dåpsbesøkjarar som til saman hadde ansvar for ca 65 barn. Dåpsbesøkjarane går på besøk til 1, 2 og 3-års dåpsdag
  • Babysang i samarbeid med Frelsesarmeen. 14(18) barn har delteke i 2018. I tillegg er storesøsken med iblant.
  • Utdeling av bok til alle 4-åringane med 1 samling i Gol og 1 samling i Herad i forkant av gudstenesta. Dei fekk utdelt bok på hausttakkefest i Herad kyrkje og 5-åringane var også invitert.  15(14) 4-åringar og fire 5-åringar møtte opp. 
  • Dåpsskule for 6-åringane – 1 påskesamling i Herad kyrkje og 1 i Gol kyrkje før Sprell Levande gudstenste der dei fekk utdelt bok. 6 (4) barn deltok.
  • Gardsbesøk og den gode hyrde –der 3 fyrsteklassingar deltok på opplegg i Gol kyrkje og besøk i sauefjøs for å sjå på nyfødde lam.
  • Tårnagenthelg for 8-åringar. Laurdag var agentane på symboljakt i kyrkja, på tur i tårnet,  løyste mysteriet om den gamle stavkyrkjenøkkelen og med på planlegging av vandregudsteneste. Søndag deltok dei på vandregudsteneste frå Herad kyrkje om Eiklidbrua og attende til Frøysokstugu der det var kyrkjekaffe. 12(8) agentar deltok.
  • Middelalderdag for 4. trinn – klassebesøk og gudsteneste med uteaktivitetar i og rundt stavkyrkja.
  • «Lys vaken» samling med overnatting i kyrkja for 10-åringar. Laurdag gjekk med til å bli kjent i Gol kyrkje, pynta lysglas, gjekk tur til stavkyrkjetomta, åt pizza og var med på planlegginga av gudstensta søndag.  Dei fekk utdelt boka: Bibelen – ei vandring gjennom den store forteljinga. 6 (10) barn deltok.
  • KA- dag (Kyrkjeaktivitet)  på planleggingsdagen i november.  KA-dagen var eit tilbod til barn i 1.- 3. klasse. Samlinga starta i Gol kyrkje med opplegg der, før tur ned til bedehuset via «gamleskulen» der det var stopp med ein leik ute. På Gol bedehus vart det matpakke og aktivitetar ut dagen. Til saman 14 (15) barn deltok og 2 (3)  større barn hjalp til med leik og aktivitet deler av dagen.
  • 10 samlingar med «Gullrekka» som er  eit barnearbeid for barn 4 - 13 år ein fredag i månaden. (Frå 2019 blir det også småbarnsang frå 0-4 år i Gullrekka).

    Trusopplærar har hatt ansvar for fellessamlingane og vore med på gruppe 7-9 år. I løpet av året har ca 35 (40) barn og unge vore innom.  Trusopplærar har også ansvar for rapportering til Acta på gruppa 10-13.  Det er 6 frivillige leiarar med på Gullrekka i tillegg til trusopplærar.

  • Konfirmantar:  Trusopplærar deltok på konfirmantleir og konfirmantfestival for konfirmantane i Hallingdal og Nore og Uvdal. Det var til saman 42 (38) konfirmantar i Gol og Herad våren 2018.
  • «Helmax helaften» - eit arrangement for ungdom frå heile Hallingdal i oktober på Gol bedehus.  Trusopplæringa er arrangør. Ca 70(65)unge frå 8. klasse og oppover deltok. Av desse var ca 15 ungdomar frå Gol.  Her var det taco, andakt, leik, konkurransar, song og tid til å bli kjent med kvarandre. I tillegg var Stig Morten Seierstad frå Maritastiftelsen der.
  • 3 barnehagar i Gol har vore med på julekrybbevandring i kyrkja før jul (delt på 3 samlingar). For fyrste gong var alle 3 vandringane i Herad kyrkje.
  •  Ungdomsklubben Amadeus, som er eit ope hus for ungdom ca annakvar laurdagskveld på Gol bedehus, har hatt veldig variert oppmøte gjennom året.  I vårhalvåret samt ei samling i klatrehallen på hausten, hadde stort oppmøte, men totalt gjennom året er det berre 3-4 faste som kjem kvar gong.
  • Trusopplærar var i september på besøk til 6. trinn på Gol skule med opplegget «Vandring gjennom Bibelen for barn» (VGBB). Det er tre pararellar på trinnet og opplegget gjekk over to dobbeltimar i kvar klasse. Den eine dobbeltimene hadde gjennomgang av det gamle testamentet, mens det i andre timen handla om det nye testamentet. Totalt 46 elevar deltok.
  • Det er gitt leirstøtte til 1 ungdom som har vore på 4H-utveksling i Gambia.  Støtta er gitt frå eit bunde fond som skal brukast til ungdomsarbeid.

     

     

     

    happy kids

     

    Diakoni

    Gol har ein godkjent diakoniplan som er arbeidsreiskap for diakonen og som blir evaluert jamleg. Diakoniutvalet har hatt 2 møter i 2018.

     

    Tiltak og aktivitetar som diakonen har ansvar for.

  • Torsdagstreff for kvinner og barn - fleirkulturelt treff – eit samarbeid mellom Diakoniutvalet, Helselaget og Røde Kors. 9 treff i 2018 pluss ein tur til Langedrag i juni.  Der deltok 102 personar. Torsdagstreffet har også dyrkingstreff på Renslotunet der fleire av deltakarane dyrkar sine eigne grønsaker. I 2018 fekk torsdagstreffet 35 000 kr i tilskot frå nasjonaltilskotsordninga mot barnefattigdom.
  • Åpent hus – formiddagstreff for eldre på Gol bedehus siste torsdagen i månaden. Det har i alt vore 8 møter og 1 tur til Nesbyen.  22 deltok på turen og gjennomsnittleg er det 23 personar  på møta.
  • Sangstunder for personar med funksjonsnedsettingar kvar 14. dag. Gruppa blir drive av diakon, organist og 1 frivillig på kjøkkenet. 13 brukarar pluss tilsette har delteke. Det har vore 21 sangstunder i 2018. Gruppa var også med på adventstund i Gol kyrkje og kyrkjekaffe etterpå på Gol bedehus.35 deltok i kyrkja og 30 på kyrkjekaffen.
  • «Eldres dag» i Gol der Gol Helselag står for kyrkjekaffe på Helselagstugu etter gudstenesta.
  • Andakt på Helsetunet annakvar onsdag av enten presten eller diakonen saman med organisten. Andakter: 15 på Helsetunet og 10 på Rundingen omsorgsbustad

    Gudstenester på institusjon: 7 (4 med nattverd) på Helsetunet og 1 med nattverd på Rundingen.

    Det har delteke i gjennomsnitt 20 på Helsetunet og 10 på Rundingen.

  • Diakonens time: Omsorgsbustadane i Furuvegen, Torstadvegen og Blågangen fekk 10 besøk kvar i 2018.  Dagsenteret har hatt 10 besøk av diakonen.
  • Åpen kyrkje i Herad kyrkje kvar tysdag kl. 18.00-19.00 for stillheit, meditasjon, bøn og lystenning. Frå oktober vart tida endra til kl.15.00 -16.00.  Det har vore samling 40 kveldar og 4-8 personar har vore innom kvar gong.
  • Diakonen har samarbeid med trusopplærar om ungdomsklubben Amadeus anna kvar laurdag på Gol bedehus.
  • Planlegging av ungdomskafé saman med ungdomslosen. Tiltaket er ein gong i veka på Kafé Makalaus og starta i januar 2019.  Det er innvilga tilskot frå stiftinga Anders Jahres fond på 25.000 kr til tiltaket for skuleåret 2018/2019.
  • 26 personar som fylte enten 80 eller 90 år i 2017, og som ikkje fekk gratulasjonsbesøk i løpet av 2017, fikk tilbod om besøk dette året. Av dei var det 24 som ønska besøk og fekk det.

    Frå 2018 vart praksisen endra til å berre besøke dei som fyller 90 år. Dette på grunn av erfaring med at mange 80-åringar i dag er aktive og har nettverk rundt seg, og dermed ikkje er ei gruppe som har mest behov for diakoni. Diakoniutvalet har valt å satse på andre og nye tiltak.

    13 personer har fylt 90 år i 2018. Alle fekk tilbod om besøk, og 11 av desse mottok besøk.

  • Fasteaksjon – dør–til-dør aksjon for Kirkens Nødhjelp der konfirmantane deltok. Konfirmantane fekk besøk av ungdomar frå Changemaker (KFUK/KFUM) som fortalte om fasteaksjonen.  I 2018 vart det samla inn 42 617 kr i Gol og 11 101 kr i Herad.
  • Diakonen har saman med diakonen i Ål arrangert forbønsgudsteneste for barn og unge i Palestina og Israel i Torpo kyrkje.Ca 20 deltok på gudstenesta.
  • Diakoniutvalet hadde ansvaret  for kveldsmat etter kveldsgudstenesta skjærtorsdag.  I tillegg ordna diakoniutvalet kyrkjekaffe til diakonvigslinga, forbønsgudsteneste for barn og unge i Palestina og Israel og Alle helgens-gudsteneste både i Gol og Herad.  Det var også diakoniutvalet som ordna kyrkjekaffe på adventsstunda for menneske med nedsett funksjonsemne.
  • Diakonane i Gol og Ål hadde felles sorggruppe våren 2018.  4 personar deltok.
  • 43 personar har fått heimebesøk av diakonen i 2018. Diakonen har hatt 10 samtaler utanom heimebesøk.
  • Diakon og prest inviterte alle som hadde mista nokon siste året til ein open kveld på Gol bedehus etter Allehelgens dag.  3 personar  møtte.

     

    For meir detaljerte opplysningar om arbeidet under kapitel 44- sjå elles eiga årsmelding frå dei ulike tilsette som blir sendt sokneråda.

     

    愛情を受け取るイメージ

     

    ØKONOMIEN

    Rekneskapsresultatet for 2018 viser eit mindreforbruk i høve budsjett på  116 674,49 kr

    Nokon utgiftspostar er overskride, mens andre har mindreforbruk.

    Dei fleste inntektspostar er som budsjettert eller litt lågare.

    Noko av grunnen til mindreforbruket er blant anna:

    • Det har kome inn 66 600 kr i sjukelønsrefusjon, men det har vore brukt lite vikarar i dei aktuelle stillingane.  Det har vore sett inn vikar på enkelttiltak og så har resten av staben teke litt meir av enkelete oppgåver. På andre felt blant anna administrativt kan ein del oppgåver forskyvast.
    • På grunn av ein veldig varm og tørr sumar var pågangen på plantekasser og stell stort på kyrkjegarden og det kom inn nesten 32 000 kr meir enn budsjettert på dette arbeidet.
    • Posten på ekstrahjelp som går på prosjektet med flytting av gravminne, hadde eit mindreforbruk på om lag 13 000 kr. Dette kjem av at han som skulle hatt jobben hadde skada seg så han ikkje kunne ta det oppdraget. Det lykkast å få tak i ein person som utførte noko av dette arbeidet på hausten i tillegg til at ein av sumarvikarane vart sett på noko flytting av gravminner.

Mindreforbruket er foreslege overført til kyrkjeleg fellesråd sitt disposisjonsfond.

 

SLUTTORD

Det ligg fortsatt mykje spenning i korleis ny trus- og livssyns lov vil bli, korleis kyrkja skal bli finansiert og korleis kyrkja skal organiserast etter 2020.  Mykje av dette vil mest sannsynleg bli bestemt i løpet av 2019.

 

Personalet har siste året vore stabilt og det er ingen kjente endringar i vente.

 

Arbeidsmiljøet er ein viktig faktor for at tenestene me yter skal verta gode. Å utvikle gode samarbeidsrelasjonar og kjensle av fellesskap, samt kompetanseheving hjå  tilsette er nødvendig for å utføre kvalitative tenester. Utvikling av brukarundersøkingar som kan gje ein peikepinn på kva som fungerer bra og potensiale for å endre ting, bør på plass.

 

Det er også viktig å gi innbyggjarane våre gode opplevingar i møte med kyrkja. For å gjere dette er samarbeidet med andre lag og organisasjonar, frivillige og Gol kommune særs viktig.

 

Kommunen gir rammevilkåra for kva standard våre tenester har til innbyggjarane i Gol 

Kommunen sine haldningar til kyrkja har vore gode og det er eit nært og godt samarbeid med kommunen, noko fellesrådet er svært takknemlege for.  Ein sit med ei kjensle av at vi lyfter i lag.

 

Gol kyrkjelege fellesråd takkar tilsette, frivillige, soknerådsmedlemer, andre samarbeidspartnarar og Gol kommune for godt samarbeid. Vi ser fram mot vidare godt samarbeid i 2019.

 

Gol 20.02.2019

 

…………………………………………                        ………………………………………...

Anne Gerd Jorde                                                                   Ola Grønseth

Kyrkjeverje                                                                            Leiar Gol kyrkjeleg fellesråd