Årsmøte trusopplæring 2016
Årsmøte trusopplæring 2016

TRUSOPPLÆRAREN I GOL OG HERAD SI ÅRSMELDING 2016

Britt Marie Haraldset Hafsås har vore tilsett 100% i fast stilling, 60 % Gol og Herad og 40% Hemsedal.

Dåp og dåpsbesøk:

I 2016 vart 31 barn døypt i Gol og Herad. Trusopplæraren har ansvar for å skaffe materiell til utdeling ved dåpssamtalen og til dåpsbesøk ved 1-, 2- og 3-års dåpsdag. Det er 11 frivillige dåpsbesøkarar som til saman hadde ansvar for 67 born i 2016.

Babysang:

Babysang arrangerast i samarbeid med Frelsesarmeen. Til saman var 15 barn med i løpet av året, nokon av dei hadde med storesøsken frå tid til anna.

Dåpsskule:

I februar var det dåpsskule for 6-åringar. Det var ei samling i Herad kyrkje, ei i Gol kyrkje, og så avslutning med deltaking på Sprell Levande gudsteneste i Herad kyrkje, der Gullrekka deltok. 6 barn dekltok på dåpsskulen.

Tårnagenthelg:

I april var det Tårnagenthelg for 3. klassingar i Herad kyrkje. Laurdag var agentane på symboljakt, på tur i tårnet og planla gudsteneste. Sundagen var dei aktive i gjennomføringa av gudstenesten. Totalt 13 agentar deltok.

4-årsbok:

4-årsboka vart utdelt i Gol kyrkje i september. Der var det Sprell Levande gudsteneste med hausttakkefest og deltaking av Gullrekka og Gol Maximini. 15 fireåringar deltok totalt i Gol, tre av desse høyrer til Herad.. Det var ei ettermiddagssamling for fireåringane tidlegare i veka. I Herad deltok fire 4-åringar «Mi kyrkjebok» på gudsteneste i oktober, etter at dei hadde ei ettermiddagssamling veka før. I 2017 planlegg vi å gjennomføre ei prøveordning med felles gudsteneste for Gol og Herad, med ei samling i kvar kyrkje i forkant. Denne gudstenesten blir lagt til Herad, då Lys vaken i november er i Gol kyrkje. Då unngår vi det vi såg i år, at nokon snakkar saman i barnehagen og blir forvirra over at dei ikkje har fått invitasjon fordi dei høyrer til i det andre soknet (i 2016 var dette tilfellet for dei frå Herad.)

Helmax helaften:

22. oktober var igjen ungdom frå heile Hallingdal invitert til Helmax helaften på Gol bedehus. Det var taco, leik, konkurransar, andakt, song og tid til å bli kjend med kvarandre. Ca 30 ungdom frå 8. klasse og oppover deltok, i år var vel halvparten av desse frå Gol.

KA-dag:

På skulen sin planleggingsdag 14. november arrangerte vi KA-dag for 1. og 2. klasse. KA står for KyrkjeAktivitetsdag. I 2016  jobba vi mykje ut frå boka «Alle gode ting», med forteljingar og oppgåver. Vi hadde samling i kyrkja fyrst. Der vart vi litt kjend, song og høyrde forteljinga om «den barmhjertige samaritan», før vi avslutta med bønevandring. Deretter gjekk vi til bedehuset via 50-leik på skuleplassen. På bedehuset var det nye samlingar, leik og formingsaktivitetar. 13 barn deltok (6 førsteklassingar, 6 andreklassingar og 1 tredjeklassing), og 4 større barn/ungdom hjelpte til.    

 

Lys Vaken:

19.-20. november deltok 13 tiåringar på Lys Våken i Gol kyrkje. Av desse overnatta 10 stk i kyrkja. Dei vart kjend i kyrkja, fekk høyre om Jesus som tolvåring i tempelet og var med å lage til gudsteneste på sundagen. Under gudstenesten fekk dei boka: «Bibelen – ei vandring gjennom den store forteljinga».

Julekrybbevandring:

Fem av barnehagane i Gol kom på julekrybbevandring i Gol kyrkje, fordelt på 3 samlingar. Trusopplæraren samarbeidar med staben om å gjennomføre dette. 84 barn og 20 vaksne var innom på julekrybbevandring.

Konfirmanter:

Til saman var det 39 konfirmantar i Gol og Herad i 2016. Trusopplæraren deltok på konfirmantleir på KRIK høyfjellssenter i januar (Gol og Hemsedal), og på nattcup for alle hallingdalskonfirmantane på Gol samfunnshus i februar.

Gullrekka:

Trusopplæraren har ansvar for fellessamlingane og 10-13 på Gullrekka. Gullrekka er på Gol bedehus ein fredag i månaden. Etter fellessamlingane på Gullrekka går 10-13 stort sett opp i gymsalen og har ulike aktivitetar der. I løpet av 2016 har totalt 11 stk vore innom – gjennomsnittet på våren var  5-6,  hausten 8-9. På hausten har nokre ungdomsskuleelevar skifta på å vere med som aktivitetsleiarar.

Ungdomskveldar:

Dei fredagane det er Gullrekka, er det og ungdomskveld i kjellaren på bedehuset kl. 20-22. Dette er eit tilbod til ungdom frå 8. klasse og oppover. Her har totalt 20 stk vore innom, med eit gjennomsnitt på ca 10.

Andre tilbod til barn og unge i regi av menigheten:

Leirstøtte:

To ungdom har fått støtte til å reise på leir i 2016, ein på nyttårsleir og ein på KRIK Enjoy.

Samarbeid:

Trusopplærararne i Hallingdal har hatt møte 4 gonger i løpet av våren og 3 gonger i løpet av hausten.

Trusopplæraren har vore på følgande kurs og fagdagar:

  • Januar: HMS-kurs i Drammen.
  • 19. oktober: trusopplæringskonferansen på Lillestrøm.

Sjukmelding: Trusopplæraren har vore heilt eller delvis sjukmeldt i periodar både vår og haust. Hausten 2016 har Gerd Eli Berge vore fast tilkallingsvikar.

Britt Marie Haraldset Hafsås