Årsmelding Herad sokneråd
Årsmelding Herad sokneråd

ÅRSMELDING HERAD SOKNERÅD 2016

 

Soknerådets samansetning:

Gunn-Astrid Frøysok                      leiar/ medlem fellesrådet / rep.til Kirkens Nødhjelp - bistå ved fatseaksjonen

Kari Birgit Møllerplass                    nestleiar / medl.trusopplæringsutvalet

Olveig Engene                                sekretær / diakoniutvalet / varamedl.fellesrådet (vara for Gunn-Astrid)

Gerd-Marie Karterud Storebraaten          medlem / medlem til styret i kyrkjebladet / varamedlem fellesrådet (vara for Laila)

Laila Linnea Andersen Bakke      medlem / medlem fellesrådet       (nestleiar)     

Sven Gøran Bråthen                      medlem / medlem til samarbeid med kristne organisasjonar.

Einar Sillerud                                              varamedlem./ varamedlem til Kirkens nødhjelp

Karianne Østro                                varamedl./medlem til Kyrkjemusikkutvalet/Gudstenesteutval

Katrine Grangård Leikvold            varamedl. / varamedl.trusopplæringsutvalet

Marianne Rese Brenn                    varamedl. / varamedl.diakoniutvalet

 

Prestetenesta har vore ved sokneprest Jan Olav Skinnemoen, Camilla Osnes og vikarar.

 

Gudstenester på sundagar og helligdagar er 22 med besøkande 1345.

Gudstenester utanom sundagar og helligdagar er 1 med 41 besøkande.

Middelaldermesse i stavkyrkja for 4.trinn i Gol og Herad.

Juleaftengudsteneste: 1 med 231 besøkande.

Gudstenester med nattverd: 12, til nattverd 206.

Konsertar:2 med i alt 260 besøkande.

Antall døypte: 5 gudstenester med 14 døypte,

Antall konfirmerte:9

Antall vigsla: 0

Antall gravferder: 8

Open kyrkje: 20 dagar i juli.

Soknerådet har hatt ofringar og det har kome inn kr. 41 383,-.  Av dette har kr. 13 839,- gått til kyrkjelydsarbeid.

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon samla inn kr. 9525,- i 2016 i Herad sokn.

 

Soknerådet har hatt 6 møter i 2016. 

Soknerådet har arrangert og arbeid med desse sakene:

 

  • Fordelt offersøknader for 2016

 

  • Fordelt kven som skal vera kyrkjevertar i 2016

     

  • Hauststell på kyrkjegarden. Medlemar frå soknerådet i Herad hadde dugnad med å  plante røsling på graver til dei som hadde tinga denne ordninga.Innkjøp av tre blomstervaser til kyrkja.

     

  • Frivillig til trusopplæringsutvalet – Hanne Mari Brenno Grubben

     

  • Frivillig til diakoniutvalet – Bjørg Haldis Kjørkleiv Hoftun.

 

  • Årsmøte var 13. mars 2016  i lag med Gol sokneråd på Gol bedehus. Tema var: I Paulus fotspor. Jan Olav Skinnemoen hadde bildeframsyning i frå studieturen til Tyrkia med prestane i prostiet.

Herad hadde 2 pers. med på bevertninga.

 

  • Fasteaksjonen 17.mars 2016. Konfirmantar og foreldre var med og samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp i den årlege innsamlinga. Diakon Ingrid Økesveen hadde ansvar for fasteaksjonen i Gol og Herad. Jan Olav var med i Herad og tok ei rode med bil og bøsse. Gunn-Astrid deltok i aksjonen som vår representant. Innsamlinga starta på Herad skule med utdeling av bøsser og alle som deltok fekk saft, kaffe og boller etterpå.

 

  • Dugnad på kyrkjegarden 2.mai 2016. Det vart servert kaffi, saft og kake. Det møtte opp omlag 30 personar. Soknerådet ynskjer å rette ein stor takk til alle som møtte fram på dugnadsdagen.

 

  • Konfirmasjonsfesten var på Gol bedehus 3. mai 2016  etter samtalegudstenesta i Herad Kyrkje, det møtte ca. 35 personer.

     

  • Innlevering av telegram til konfirmantane i Herad kyrkje fredag 6. mai kl 17.00.

 

  • Konfirmasjon var 8. mai med 9 konfirmantar. Med 212 besøkande.

 

  • Det vart arrangert kyrkjekonsert 5. mai 2016, i samband med Vårdansen,. I år var det Lady & Landstryker`n som hadde kyrkjekonserten. Gjeste artister var Gruppen Tonesprang fra Gol.

Det var ikkje så mye folk som det brukar å vera. Det kom ca 145.

  • Magne Hoftun stod som arrangør av denne konserten. 

 

  • Herad kyrkje var open sommaren 2016.

Frå og med 04.07. – 29.07. hadde soknerådet vaktliste for å låse opp og att kyrkja. Dette var ei grei ordning, men det kunne vore ei gjestebok i kyrkja.

 

  • Søknad om støtte til nytt digitalt piano/miniflygel vart behandla men avslege på grunn av at fellesrådet hadde bevilga kr 10 000,- i støtte. Soknerådet meiner at gåver til Herad kyrkje skal brukast til Herad kyrkje.

 

På vegne av Herad sokneråd vil vi takke alle tilsette i kyrkja og alle frivillige medarbeidarar samt Gol kommune for eit godt samarbeid i 2016.

 

 

 

Herad, den 31.01.2017

 

Gunn-Astrid Frøysok                                                                                

Leiar