Konsert med Kråkesølv
Konsert med Kråkesølv

Vinternatt

Vinternatt er ein serie med kyrkjekonsertar i Hallingdal. Det er damekoret Kråkesølv som skal ut på turnè i begynnelsen av februar med vakre og klangfulle musikkstykkje.

Saman med organist og pianist Justin Vickery, fiolinist og bratsjist Rebecca Lofft og songar Terje Jordheim skal koret gi publikum eit avbrekk frå ein lang og mørk vinter i Hallingdal. Våre gjestemusikerar vil framføre musikkstykkje utan kor, og koret vil også framføre musikk a capella.

Kråkesølv er eit kor med 20 kvinnelege songarar frå Hallingdal som ynskjer å nå ut med vakker og spennande musikk til eit breitt publikum.

Koret har sidan 2012 vore under leiing av dirigent Målfrid Breivik. Denne gongen har ho valt ut eit reportoar som spenner frå klassiske perler til moderne filmmusikk og pop. Tekstane vekkjer tankar om søvn, draum og kalde klare vinternetter. Vi ynskjer å gi publikum ein vakker, variert og heilskapleg konsert i  dei fine kyrkjene i Torpo, Herad og Nes.