Dåpsskule for 6-åringar
Dåpsskule for 6-åringar

 

Hugsar du at du fekk ein invitasjon til kyrkja då du var 4 år og at du der fekk di eiga kyrkjebok?

Vi gjerne treffe deg att, håpar du har lyst til å vera med på eit par samlingar me har kalla dåpsskule:

I Herad kyrkje onsd 7. mars kl 17.30 til 18.30

I Gol kyrkje onsd. 14. mars kl 17.30 til 18.30

Samlingane er for alle 6-åringar i Gol og Herad, dei har ulikt program, men du er like velkomen om du berre kan vera med på ei av samlingane.

Hugsar du at du var med på julekrybbevanding i kyrkja? På første samlinga på dåpsskulen skal du få vere med på påskevandring. På andre samlinga skal vi laga påskepynt og øva litt til gudstenesta. Ellers skal vi bli litt kjendt i kyrkja, høyre fortellingar frå Bibelen og lære nokre nye songar.

Mamma, pappa eller ein annan vaksen må gjerne vere med.

Hyggeleg med tilbakemelding om du kjem - innan tysd 6.mars, men påmelding er inga forutsetning for å bli med.

 

Avslutning med fargerik gudsteneste for små og store sundag 18.mars kl 11.00 i Gol kyrkje.

Då er det Sprell-levande gudsteneste om vil vare ca ein time. Utdeling av diplom og 6-årsboka til alle som har vore med på dåpsskulen. Gullrekka deltek.

Kle deg gjerne ut som til karneval. Etterpå vert det boller, saft og pinjatta for borna i barnekroken.

Velkommen!

Helsing

Trusopplæringa ved

Jan Olav Skinnemoen (sokneprest) og Gerd Eli Berge (trusopplærar