Sorggruppe
Sorggruppe

Ein stad å dele Sorga

Sorggruppe er eit tilbod i regi av Gol kommune og Den norske kyrkja i Gol og Herad. Gruppene er opne for alle, uansett verdi- og livssyn.

Hensikta med samlingane er at deltakarane skal kunne dele sorga si og lytte til kvarandre, og på den måten vere til gjensidig hjelp og støtte. Gruppa byggjer på gjensidig hjelp og fellesskap, og er ikkje terapi eller behandling.

Gruppa består vanlegvis av 4-8 deltakare som møtast regelmessig. 

Vi starter nye grupper når det blir nok deltakarar. Gruppene blir leia av sjukepleiar og diakon. Dag og klokkeslett avtalast mellom deltakarane og leiarane.

Tilbodet er gratis.

 

For spørsmål om sorggruppe og påmelding ta kontakt med:

Sjukepleiar/kreftkontakt Jorunn Viljugrein Stake 916 73 961 eller diakon Martha Frøyland 476 27 663.