Helmax Helaften
Helmax Helaften

Helmax helaften

Gol bedehus 13. okt kl 19.00-23.00

For ungdom frå 8. klasse og oppover

Laurdag 13. oktober er det «Helmax helaften» på Gol bedehus.

Dette er ein «helaften» for ungdom frå heile Hallingdal, frå 8. klasse og oppover.

I år kjem Stig Morten Seierstad frå Marita-stiftelsen og fortel si sterke historie. Han er ein fantastisk formidlar og er veldig engasjerande for ungdom.

Her kan de lese litt av hans historie: https://cc.no/aktuelt/jakten-p%C3%A5-%C3%A6rligheten

Det blir musikk, underhaldning, taco, is og kaker!

Ein god stad å vera, og ein plass å bli kjend med kvarandre og Jesus.

Fleire vaksenleiarar vil vera til stades på arrangementet, som er arrangert av kyrkja og kristne organisasjonar. Rusfritt arrangement.

Inngang 50 kr - då får de og eit lodd til loddtrekninga.

Spørsmål? Kontakt Britt Marie - 95122136