Kyrkjevalet 2019
Kyrkjevalet 2019
Førehandsrøysting kyrkjevalet 2019
 

VAL TIL SOKNERÅD OG BISPEDØMMERÅD

Førehandsrøysting på Kyrkjekontoret (Gol Kommunehus) 

Mandag - fredag kl.9.00 - 15.00 i perioden 12 aug. - 6.sept.
 

 

 

Sett ditt preg på kyrkja di

Kyrkja bygger fellesskap der du bur. Velkomen til å bidra!

I kyrkja skal det vere rom for alle som ønskjer det. Eit stort rom. Høgt til taket. Sterkt fundament. Nye impulsar. Gode tradisjonar. Ulike meiningar. Ulike vegar til tru.

Ver med å ta ansvar for fellesskapet og for kyrkja di! Det er kyrkjeval 9. september 2019. Kanskje skal du stilla til val? Du er invitert til å vera med på å skapa kyrkja i framtida!

 

Meir enn du trur

Kyrkja di har rom for ditt engasjement. I møta med folk i nabolaget kan du bety noko med dine haldningar og det du gjer.

I Den norske kyrkja er det rom for mange meiningar, og det er rom for ulike vegar til tru. I trusfellesskapen er det rom for den trua du har og kanskje meir enn du trur.

 

Ta ansvar for kyrkja di

Du trengst til ei av dei viktigaste oppgåvene i landet vårt: Å skapa sterkare fellesskap i bygd og by.

Ved kyrkjevalet skal det veljast 8000 frivillige til å leia arbeidet til kyrkja. Du kan vere med på noko stort: Sei ja dersom du vert spurd om å stilla til val. Og gje di røyst på valdagen. Vi vil samarbeida for at fleire oppdagar det store og gode ved å gje av si tid til det som byggjer fellesskap.

 

Soknerådet

Soknerådet leier verksemda til kyrkjelyden der du bur. Som medlem i soknerådet kan du ha stor innverknad på dei lokale oppgåvene og utfordringane i kyrkja di. Arbeidet til soknerådet spenner over mange tema – m.a. barne- og ungdomsarbeid, miljø og rettferd, gudsteneste, musikk, misjon, og dessutan jus og økonomiforvalting.

 

Bispedømerådet

I kvart bispedøme er det eit bispedømeråd. Bispedømerådet tilset prestar og nokre av dei andre tilsette i kyrkja. Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, det øvste organet i Den norske kyrkja.

 

Kandidatlister

Soknerådet har set ned ein nominasjonskomité som skal nominera kandidatar. Det er i tillegg høve for andre til å levera inn eigne kandidatlister innan 30. april 2019. Alle kandidatlister er sette opp i prioritert rekkjefølgje. 

Til dei regionale bispedømmerådsvala vil det finnast lister frå ein nominasjonskomité. Denne komiteen som består av éin medlem frå kvart prosti i bispedømmet.

 

Kva gjer soknerådet?

Her er nokre døme på soknerådet sitt ansvarsområde:

  • Trusopplæring for alle døypte mellom 0 og 18 år
  • Diakonalt arbeid (omsorgstenesta til kyrkja)
  • Gudstenester
  • Kyrkjemusikk
  • Langsiktig planlegging av arbeidet til kyrkjelyden
  • Ofringar
  • Utleige av kyrkja
  • Uttalerett ved tilsettingar av prest, prost og biskop
  • Samarbeid med frivillige

           

Frå valet 2019 blir Gol og Herad eit sokn med eit sokneråd.

 

Dette soknerådet skal ha 8  medlemer og 5 varamedlemar Medlemene har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn og mange er òg aktive på andre arenaer i lokalsamfunnet. I tillegg deltek presten fast på rådsmøta.

Soknerådet møtest 3 -4 gonger i halvåret. Medlemene er valde for fire år.

 

Ti gode grunnar til å vera med i soknerådet:

1 . Du bidreg til å halda lokalkyrkja levande

2 . Du vert del av eit kristent fellesskap

3 . Du gjer ein viktig jobb for fellesskapet

4 . Du kan sørgja for eit trygt og godt fritidstilbod for barn og unge

5 . Du får innblikk i og påverkar dei demokratiske prosessane i kyrkja

6 . Du får eit nytt nettverk i lokalmiljøet ditt

7 . Du kan sørgja for at kyrkja di er ein open og inkluderande kyrkje

8 . Du pregar aktivitetstilbodet i nærmiljøet ditt

9 . Du får nyttig styrerøynsle som du kan bruka i andre samanhengar

10 . Du kan oppdaga nye sider ved deg sjølv   

 

Kjelde: www.kyrkjevalet.no

 

Gol sokneråd og Herad sokneråd har nå godkjent lista til soknerådsvalget i Gol 9. september.

Fra dette valget blir Gol og Herad slått sammen til et sokn, det blir da Gol og Herad sokneråd.

Soknerådet skal bestå av 8 medlemmer og 5 varamedlemmer.

  Navn Fødselsår Bostad
1 GUNN ASTRID FRØYSOK 1967 Herad
2 JORUNN VILJUGREIN STAKE 1965 Rotneim
3 OLVEIG SYNNØVE ENGENE 1964 Engene
4 SIGURD SATO 1956 Rotneim
5 INGER LAGMANNSGÅRD 1947 Heslarystadn
6 MARITA EMBRE STIGEN 1978 Herad
7 OLE DAG MØLLERPLASS 1965 Øygardane
8 HEIDI BRÅTEN 1981 Øygardane
9 HILDE MIDTGÅRD 1969 Åsgardane
10 WENCHE DAHL-MICHELSEN FLØYSAND 1967 Møllebakken
11 HELGE KRUSEDOKKEN 1973 Sentrum
12 BERIT BJØRGE 1962 Herad
13 ANNE KARI SMAABERG 1958 Nedre Tuppeskogen
14 OLE ROAR HAGEN 1970 Herad
15 EVI ANITA TORP 1974 Herad
16 BJØRG INGER MØLLERPLASS 1942 Breidokk
       
       
 
Tillitsvalgt for lista er leder i nominasjonskomiteen. Kari Birgit Møllerplass
 
Klagefrist på nominasjonslista: tirsdag 13. mai.
 
Klage Kirkevalgreglene § 7–7 fastsetter at det er adgang til å klage innen en viss frist for dem som mener valgstyret/valgrådet må omgjøre et vedtak om å godkjenne eller forkaste et listeforslag. Fristen er sju dager fra offentliggjøringen av overskriften på de godkjente valglistene.
 
Vil du klaga ta kontakt med Kyrkjekontoret