Lys Vaken
Lys Vaken

5. klassingar overnattar i kyrkja.

5.-klassingane inviterast til Lys Vaken med overnatting i kyrkja i november/desember.

 

Vi starter laurdag kl 16. Då skal vi mellom anna leike, bli kjende med andre, vere med å førebu gudsteneste, utforske kyrkja, synge, ete mat og altså overnatte i kyrkja.

På sundag er det gudsteneste klokka 11, her har 5.klassingane ulike oppgåver. På gudstenestea er sjølvsagt foreldre, fadrar, søsken og vener er og hjarteleg velkomne.

​I gudstenesten får alle på 5. trinn "Bibelen - ei vandring gjennom den store forteljinga".

Lys vaken handlar om å være lys vakne for det som skjer rundt oss. Vi skal være lys vakne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve.

Vi avsluttar Lys Vaken med kyrkjekaffi når gudstenesten er slutt.