Tårnagenthelg
Tårnagenthelg

3.klassingane er agentar i Herad kyrkje i mai

3. klassingane er invitert til å vere tårnagentar i Herad kyrkje ei helg i mai.

Tredjeklassingen blir agent og skal prøve å løyse oppdrag og mysterium. Me skal utforske kyrkja, Bibelen, tårnet og klokkene.

Alle agentane bur heime, men vil vere saman både laurdag og sundag.

Laurdag møtast agentane i kyrkja kl. 14.30 og held på til kl.19:00.

Sundag treffest me igjen i kyrkja kl. 09:30 og held på til kyrkjekaffien er ferdig litt før kl.13:00.

Foreldre, søsken og vener er sjølvsagt inviterte til gudstenesta sundag kl. 11:00