Årsmelding for Gol sokneråd 2019
Årsmelding for Gol sokneråd 2019
Årsmelding for Gol sokneråd 2019

ÅRSMELDING FOR GOL SOKNERÅD 2019

Samansetjing av soknerådet til og med 30.okt.

Jan Olav Skinnemoen, sokneprest

Trygve Lono Smedsgård, leiar og medlem i Gol kyrkjeleg fellesråd

Gunn Ragnhild Stigen nestleiar

Harald Sundsøy, sekretær

Ola Grønseth, medlem og leiar i Gol kyrkjeleg fellesråd

Jorunn Viljugrein Stake medlem – varamedlem, Gol Kyrkjelege fellesråd

Ingrid Nibstad Fosshagen, medlem og  varamedlem i Gol kyrjelege fellesråd

Inger Lagmannsgård  medlem

Birgit Kristin Rust  medlem

Varamedlemmer

1.Annbjørg Haug Jegleim

2.Bibbi Hatten

3.Tore Dag Skjerdal

4.Anne Kari Smaaberg

5.Sigurd Sato

Råd og utval

Trusopplæringsutval

Medlemmer                                                                       Varamedlemmer

Jorunn Viljugrein Stake, soknerådet                            Ingrid Nibstad Fosshagen, soknerådet

Anny Lono Smedsgård, frivillig                                     Elin Jorde, frivillig

 

Diakoniutval

Medlemmer                                                                       Varamedlemmer

Inger Lagmannsgård, soknerådet                                 Bibbi Hatten, soknerådet

Ingebjørg Solhjell, frivillig                                              Solveig Rundhovde, frivillig

 

Gudsteneste/kyrkjemusikkutval

Justin Vickery, kantor

Gunn Ragnhild Stigen, soknerådet

Jan Olav skinnemoen, soknerådet

 

Medlem til styret for Gol og Hemsedal kyrkjeblad

Birgit Kristin Rust

 

Representant til 17.mai-komiteen

Ola Grønseth  vara Trygve Lono Smedsgård

er sekretær for utvalet.

Kontaktperson Kirkens Nødhjelp

Gunn Ragnhild Stigen

Nytt sokneråd frå 1.nov.:

Arnstein Bleiktvedt sokneprest

Gunn - Astrid Frøysok , leiar

Jorunn Viljugrein Stake, nestleiar

Olveig Synnøve Engene

Ole Dag Møllerplass

Hilde Midtgård

Wenche Dahl- Michelsen Fløysand

Evi Anita Torp

Inger Lagmannsgård

Varamedlemmer:

Bjørg Møllerplass

Ole Roar Hagen

Sigurd Sato

Marita Embre Stigen

Heidi Bråten

Desse ivaretek Gol og Herad sokneråd fram til nyttår, då det etter det vil vere eit felles sokneråd for Gol og Herad.

 

Kyrkjeleg statistikk (Tall frå i fjor i parentes)

Konfirmantar 32 ( 28)

Tal på vigsler: 7 (12)

Tal på gravferder: 25 (38)

Totalt antall gudstenester 39(39) tilstades 3320 (3558)

Gudstenester på søn-og helligdage:r  27 (30)– tilstades  2081 (1948)

Gudstenester utanom søn-og helligdager:  12 (9) –)  tilstades 1239 (1610)

Gudstenester med nattverd :  21 (22) – 583 (663) nattverdsgjester

Familie og barnegudstenester: 2 (1)   tilstades 194 (60) tilstades

Gudstenester med dåp :18 (12)- tilstades  1008 (502)             

Gudstenester for ungdom: 3(0)- tilstades   480

Konfirmasjonsgudstenester:  2( 2)  tilstades-800 (817)

Skulegudstenester: 3 (4) - tilstades  602 (805)

Gudsteneste på julaften deltok 490 (470)

 (Gudstenester i påska 3 (4) - tilstades  133 (140)

Gudstenester i pinsa 1 (1) - tilstades  (31)

Økumeniske gudstenester saman med Normisjon og Frelsesarmeen 1(0) - tilstades   43

Allehelgensgudstenester 1 (1) tilstades 72 (88)

Kulturarrangement/konsertar  i regi av kyrkja  7 (7) –tilstades  440 (490)

Kulturarrangement/konsertar i regi av andre  1 (2 )– tilstades 140 (234) tilstades

Kyrkje og kyrkjelyd

Gudstenestene har i hovudsak vore ved soknepresten vår Jan Olav Skinnemoen.

soknepresten i Hemsedal, Camilla Osnes har og hatt nokre  gudstenester. Ved  ferieavikling har vi og hatt besøk av andre prestar. Jan Olav Skinnemoen slutta i stillinga som sokneprest 1.okt. Dei tre siste månadene har Arne Jensen stått for dei fleste gudstenestene.

I offer og kollekter er det kome inn kr 80574- i 2019  Av dette  er det kr 53660,- som går til arbeidet i kyrkjelyden. Kr 45219,-  av mottekne ofringar er sendt til nasjonale og internasjonale organisasjonar.

Også i år har konfirmantane vore innsamlarar ved den årvisse  fasteaksjonen, dette er ein del av konfirmantopplegget. Det kom i 2019 inn kr.41098  Disse pengane går direkte til Kirkens Nødhjelp

Soknerådet vil på vegne av kyrkjelyden få rette ein takk til Gol Normisjon  for godt samarbeid også i 2019. Det er kjekt og kunne bruke Gol bedehus  tili konfirmantundervisning  og  til diverse arrangement i kyrkjelyden

Arbeid i soknerådet

Soknerådet har i 2019 hatt 6 møter og behandla  33 saker. Det har også vore eit felles møte med Herad der det vart gjeve uttale om an setting av ny sokneprest. Det har også vore eit felles møte med det nye soknerådet for Gol og Herad.  Faste oppgåver er å halde auga med vedteke budsjett ,sjå igjennom gudstenestelister, behandle offersøknader, samt fordele oppgåva som kyrkjevertar

Andre saker som soknerådet har arbeid med i året:

Det har kome spørsmål om å flytte barnekroken i Gol kyrkje fram i kyrkja. Det vart vedteke å prøve dette som ei prøveordning i møte 28.mai.

Gol Kyrkje fekk støtte på kr.10000,-for å lage eit arrangement saman med biblioteket i forbindelse med bokåret 2019. Per Arne Dahl hadde eit foredrag om forfattaren Hans Børlie på biblioteket.

Etter på var det eit arrangement på Bedehuset der Per Arne Dahl presenterte den nye boka si :

«Sårbarhetens kraft og risiko» Det var to svært bra arrangement med fulle hus på begge stader.

Soknerådet har også vore delaktige i prosessen med an setting av ny sokneprest. Leiarane i Gol og Herad sokneråd deltok i intervju i Drammen så var det felles møte med Gol og Herad sokneråd 25.sept,der det blei anbefalt at Arnstein Bleiktvedt skulle tilsetjast i stillinga.

Gol Kyrkje hadde i år stand i Gol Sentrum under fårefestivalen. Her deltok representantar frå sokneråda saman med representantar frå staben. Mange var innom standen for ein prat.

Det har også i år vore open kyrkje i juli.

Soknerådet har også stått for haustplanting på kyrkjegarden

Val til nytt sokneråd vart halde 9.sept.Her deltok soknerådsmedlemmene som funksjonærar og deltok ved oppteljinga.

Årsmøte i kyrkjelyden vart halde på Gol Bedehus 17.mars saman med Herad kyrkjelyd, her vart dei vanlege årsmøtesakene som  årsmelding og rekneskap behandla.

Vi hadde vitjing av Liv Karin Bakke Haugen som fortalte om sitt besøk i Gambia.

Dugnad på kyrkjegarden vart halde 6.mai.Det mange trufaste som møter opp år etter år. Etter dugnaden var dei triveleg kaffistund som takk for arbeidet.

Konfirmantane hadde samlingar på Bedehuset frå sept til mai. Det var leir saman med konfirmantane i Hemsedal og Hol på KRIK Høyfjellsenter. Konfirmantfestival for Hallingdal og Nore og Uvdal på Gol Samfunnshus og Gol Bedehus. Konfirmantane har også i 2019 stått for innsamlinga i fasteaksjonen.

Samtalegudstenesta var 28.april etterpå var det konfirmantfest på Gol Bedehus. Det vart ei verdig og triveleg samling saman med konfirmantar og familie.

Det var i år 32 konfirmantar så det måtte også i år vere to konfirmasjonsgudstenester laurdag 11. og sundag 12.mai

29.sept. var siste gudstenesta Jan Olav Skinnemoen hadde. Kyrkja var full av kyrkjelydsmedlemmer som ville ta farvel med ein omtykt prest. Etterpå var det fest på Gol Bedehus.

Tilslutt vil eg få takke alle medarbeidarane for godt sammarbeid. Eg vil også takke medlemmene i

soknerådet, det har vore lett og få dykk til å stille opp på oppgåver, «dette gjer jobben»

som soknerådsleiar enklare. Eg vil også ynskje det nye felles soknerådet for Gol og Herad lykke til med arbeidet.

Også ein stor takk til alle andre frivillege som har lagt ned eit stort arbeid i kyrkjelyden

Trygve L. Smedsgård

leiar