Kyrkjene

Herad kyrkje

Litt om Herad kyrkje   Les meir...

Gol kyrkje

Litt om Gol kyrkje   Les meir...

Kontakt oss

Gol kyrkjelege fellesråd
Kyrkjekontoret
      Gamlevn. 4
      3550 Gol
32 02 90 00
 Send e-post

Kyrkjegardane
Søk på kyrkjegardane

Ei orientering til deg som har, eller vil få eit forhold til kyrkjegardane

GravferdTil deg som skal sørgje for gravferda
Etter gravferdslova er det ein person som skal sørgje for gravferda. Dette betyr at vedkomande blant anna skal ta dei nødvendige avgjerslene om kvar den døde skal gravleggjast dersom det er aktuelle valmoglegheiter. Vedkomande skal også bestemme kva for gravferdshandling som skal veljast, anten den norske kyrkja si handling eller anna ordning. Den som har ansvar for gravferda, bestemmer også kven som skal vera ansvarleg eller festar for grava. Dersom den døde sjølv var festar til graver, må det finnast nye festarar til alle dei gravene dette gjeld.

I kva grad den som sørgjer for gravferda, skal respektere den avdøde sine ynskje, er ei vurderingssak, men når det gjeld kremasjon, er ein forplikta til å følgje avdøde sitt ynskje dersom vedkomande har ytra seg for eller mot kremasjon.

Kyrkjegardskontoret kan gi rettleiing om kven som kan sørgje for gravferda. I Hemsedal er det kyrkjekontora, som har tilhald på kommunehuset, som gir slik rettleiing.

Gravlegging av kiste skal normalt finne stad seinast åtte dagar etter dødsfallet, og nedsetjing av urne seinast seks månader etter dødsfallet.

Til deg som skal velje ny grav
Den som er busett i Gol, kan få grav på Gol eller Herad kyrkjegard. Den som er busett i Hemsedal, kan få grav på Hemsedal kyrkjegard. Det gjeld også sjølv om avdøde på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet. Dei som ikkje har vore busette Hemsedal, kan gravleggjast her etter nærare avtale med kyrkjekontoret.

Når ny kistegrav vert teken i bruk, er det mogleg å feste ei grav ved sida av denne. I spesielle høve kan ein etter søknad få feste to graver ved sida av den første. Desse gravene utgjer då ein gravstad.
Ei ny grav som blir teken i bruk, er fri for betaling så lenge ho er freda, det vil seie i 20 år i Gol. Det blir kravd festeavgift frå fyrste stund for graver som vert festa ved sida av nye graver. Ved bruk av særskild urnegrav kan det ikkje festast grav ved sida av denne, men fleire urner kan setjast i same grav.

Det er også mogleg å velje anonym grav. Då kan det ikkje setjast opp gravminne, og grava si nøyaktige plassering vil berre vera kjend for kyrkjegardsadministrasjonen.

Til deg som ynskjer å nytte eksisterande gravstad
Skal gammal grav brukast opp att, må fredingstida vera over. Denne er på 20 år i Gol. Urnegraver har same fredingstid som kistegrav, men det er mogleg å setje ei urne i ei kistegrav om fredingstida ikkje er omme.Når det er ynskje om å bruke ei eksisterande grav, må den som sørgjer for gravferda, først og fremst innhente samtykke frå festaren av gravstaden. Dersom det er festaren av gravstaden som er død, skal den som sørgjer for gravferda, gje samtykke til bruk.

Til deg som er festar av ein gravstad
Den som sørgjer for gravferda, må oppnemne ein festar for gravstaden. Feste av grav kan berre skje ved dødsfall. Ein eksisterande gravstad kan festast i inntil 60 år etter siste gravlegging. Festet vert fornya for 5 år om gongen, og rekning vert send ut frå kyrkjekontora når det er tid for fornying av festet. Når det er gått 60 år sidan siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan særskilt samtykke frå kyrkjeleg fellesråd. I god tid før festetida er ute, blir festaren varsla frå kyrkjekontoret. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden tilbake til kyrkjegarden.

Du har rett å stelle gravstaden og plikt til å sørgje for at han ikkje er i forfall. Vidare har du rett til å bestemme kven som skal gravleggjast der. Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykke frå festaren. Dersom festaren sitt samtykke til bruk av grav ikkje kan hentast inn, kan kyrkjeleg fellesråd ta avgjersle om gravlegging. Dersom du ynskjer å overføre festeretten til ein annan person, må det skje med samtykke frå kyrkjekontoret. Festar pliktar å melde frå om eventuelle adresseendringar.

Dersom ein festar døyr, skal dødsbuet melde frå til kyrkjekontoret om kven festet skal overførast til. Dette gjeld alle gravstader der vedkomande er festar.

Til deg som skal ha urnenedsetjing
Ved kremasjon må urna setjast ned på kyrkjegarden seinast 6 månader etter dødsfallet. Den næraste familien avtaler tid med kyrkjekontoret om når denne handlinga skal finne stad. Det er opp til familien om dei vel å vera til stades, og kor mange andre dei vil ha med. Ein av kyrkja sine tilsette set ned urna. Det er også mogleg å ha med presten ved urnenedsetjing dersom dette er eit ynskje.

plantingTil deg som skal skaffe gravminne
Det er høve til å setje opp eitt gravminne på kvar gravstad, og det kan skje tidlegast to månader etter gravferda. Ved gravlegging av kiste om vinteren kan gravminne tidlegast monterast 1. juni.

Dei tilsette ved kyrkjegarden vil sørgje for planering og tilsåing av grava etter gravlegging. Likeeins vil det bli sett opp eit enkelt merke med namnet til den avlidne. Dette merket står der til gravminnet er kome på plass.

Dersom gravminnet er utsmykka med gjenstandar av slik karakter at det medfører meirarbeid ved flytting, eller utsmykkinga står i fare for å gå tapt under arbeid på kyrkjegarden, må festar sjølv ta kostnaden med eventuell istandsetjing. Den som er festar av ein gravstad, er ansvarleg for at gravminnet ikkje forfell eller er til fare for andre. Gravminnet skal sikrast med forskriftsmessig fundament/sokkel og boltar som bitt fundament og gravminne saman.

Forskrifter til gravferdslova gir retningsliner for godkjenning av gravminne, og gravminnet skal derfor godkjennast av kyrkjeverja før det kan setjast opp. Det ligg føringar i forskriftene om kor stort og tungt eit gravminne kan vera. Dersom du ønskjer å bruke ein naturstein, så ta kontakt med kyrkjekontoret for å finne ut om denne kan brukast.

 I Gol er hovudregelen  at gravminnet blir sett på venstre grav på ein gravstad som har fleire graver.

Etter at kyrkjekontoret har gitt melding til festar av gravstad, kan gravminnet fjernast når fredings- og festetida på ei grav er ute. Fjerning og destruering av gravminne blir gjort av kyrkjegardspersonalet med mindre festaren sjølv ynskjer å fjerne det.

Ved opning og lukking av grav hender det at det vert lagt jord eller gjenstandar inn på nabograver. Dei tilsette på kyrkjegarden har høve til, utan å innhente løyve frå festar, å mellombels fjerne/leggje ned gravminne. Dette blir gjort for å betre tilkomst utan å skade gravminne, eller fordi det er nødvendig i forhold til sikring ved graving.

Bruk god tid på å bestemme gravminne. Dette er ikkje noko som treng å bestemmast før etter at gravferda har vore. Gravferdsbyrå kan hjelpe til med å skaffe gravminne. Det er også mogleg å ta direkte kontakt med firma som arbeider med dette.

Til deg som skal stelle grava
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje være breiare enn breidda på gravminnet. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm målt frå bakkanten av gravminnet. Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet, eller som går ut over plantefeltet. Lause dekorasjonar skal fjernast etter bruk.

Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt steinkant som fluktar med terrenget rundt. Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vera grasbakke på alle sider av gravminnet.

På kyrkjekontoret er det mogleg å gjera avtale om stell av plantefelt mot betaling. Her
kan det lagast avtale både på årleg basis og over lengre tidsperiodar ved oppretting av eit gravfond.

Det er også mogleg å få kjøpt plantekasse og få denne montert ned i plantefeltet. Kyrkjekontoret sel slike kasser. Desse fungerer slik at ein treng berre fylle på vatn nokre få gonger i løpet av sommaren.

Til deg som skal betale festeavgift til kyrkjegarden
Ei urnegrav og ei enkel kistegrav er fri for betaling i fredingstida. Festa grav ved sida av ei ny grav må det betalast avgift på frå det året grava blir festa. Rekning på festeavgift vert send ut kvart 5. år. Festeavgifta vert fastsett av kommunestyret etter forslag frå kyrkjeleg fellesråd som administrerer arbeidet på kyrkjegardane.

For dei som ikkje hadde bustad i kommunen då dødsfallet fann stad, er betalingsvilkåra noko annleis. Kyrkjekontoret kan gi nærare opplysningar om det.

Herad kyrkjeTil deg som skal besøkje kyrkjegarden
Alle er velkomne til å besøkje kyrkjegardane våre, men opphald og ferdsel må skje med ei verdigheit som kyrkjegarden sin eigenart tilseier. Dei som er på kyrkjegarden, skal ferdast gåande, og hundar skal vera i band. Rullestol blir her rekna som gåande. Viss det er behov for kjøring med bil på kyrkjegarden, må det innhentast løyve frå kyrkjekontoret.
Det er også mogleg å søkje opp kart over gravplassar på heimesidene til kyrkjekontora. På denne måten kan ein finne fram til graver som ein ikkje veit kvar ligg på kyrkjegarden.
Det pågår også eit arbeid med å leggja bilete av alle gravminna inn på heimesida.

Spørsmål?
Det er kyrkjekontoret som administrerer kyrkjegarden. Dette blir gjort på vegne av heile samfunnet og uavhengig av kyrkja som trussamfunn. Spørsmål som gjeld kyrkjegardane kan rettast til:

Gol kyrkjekontorTlf. 32 02 90 00