Ledig stilling som diakon 100% Vikariat


Gol og Herad sokn har ledig stilling som

Diakon  i  100% stilling – vikariat 01.01.21 -31.12.21

 

Gol kommune ligg i Hallingdal prosti og det er god forbindelse til både Oslo og Bergen. Gol har om lag 4 600 innbyggarar og frå 2020 er det berre eitt sokn i kommunen med to kyrkjer. Kommunen har god tilgang til friluftsliv både sommar og vinter. I tillegg er det svært mange aktivitetstilbod for barn og unge. Bygda har eit fargerikt fellesskap med mange nasjonalitetar.

Ved Gol kyrkjekontor er det totalt 6,5 årsverk fordelt på 8 tilsette. Vi er godkjent som Grøn menighet. Sjå gjerne på heimesida vår www.gol.kyrkja.no

 

                 

Gol og Herad sokn har ledig stilling som

Diakon  i  100% stilling – vikariat 01.01.21 -31.12.21

 

Arbeidsoppgåver:

  • Lede det diakonale arbeidet i samarbeid med sokneråd, diakoniutval, stab og frivillige
  • Arbeid blant eldre og menneske med funksjonsnedsettelse
  • Intergreringsarbeid
  • Andakt på institusjonar
  • Delta saman med prest på nokre gudstenester i året
  • Arbeid med konfirmantar på fasteaksjon og andre aktuelle arrangement med ungdom
  • Rekruttere, koordinere og veilede frivillige
  • Sorgarbeid
  • Besøksteneste og sjelesorg
  • Arbeid i forhold til vedteke diakoniplan

 

Kvalifikasjonar:

  • Søkjarar med mastergrad i diakoni blir prioritert
  • Søkjar må vera medlem av Den norske Kyrkje
  • Personlege eigenskapar for stillinga vil bli vektlagt
  • Tilfredsstillande politiattest må leggast fram ved tilsetting (kyrkjelova § 29)
  • Må disponere eigen bil

 

Personlege eigenskapar:

  • God kommunikasjon både med enkeltmenneske og samarbeidande instansar
  • God samarbeidsevne
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
  • Kreativ og idérik og ha gjennomføringsevne

 

Vi tilbyr:

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Kontorplass saman med dei andre kyrkjeleg tilsette i Gol kommunehus
  • Løn etter KA sitt lønsregulativ.
  • Pensjonsordning i KLP

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Anne Gerd Jorde tlf. 971 58 134.

Søknaden må sendast digitalt innan 15. september 2020

https://8007.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4279930134?link_source_id=0

 

Tilbake