Vår grøne kyrkjelyd


 

Vår grøne kyrkjelyd

Klimaendringane rammar oss allereie. Menneske, dyr og planter strevar fordi livsgrunnlaget er i endring. Forskarane slår fast at det kjem av levemåten vår, og minner oss om at vi må skifte kurs. Som kyrkje er vi kalla til å vere gode forvaltarar av skaparverket og Jesu Kristi etterfølgjarar.

Vår grøne kyrkjelyd ønskjer å medverke til glede, takksemd og undring  i kyrkjelydane over å vere ein del av skaparverket, og å forløyse engasjement og kreativitet til å ta vare på den verda Gud har gitt oss.

I 2009 vart Gol og Herad sokneråd ein grøn kyrkjelyd, og det vart markert med ein overrekking av ein plakat frå bispekontoret. Plakaten heng enda i våpenhuset for å minne oss på at vi må ta vare på Guds skaparverk. Totalt er det rundt 400 kyrkjelydar rundt i Norge som er registrert som grøn kyrkjelyd.   

For å bli grøn kyrkjelyd må kyrkjelyden ha gått gjennom ei liste med punkt og krysse av 25 konkrete tiltak for å bli meir miljøbevisste. Under kan man lese dei 25 punktane Gol og Herad sokn har valt for å bli grøn kyrkjelyd.

Mer om «Vår grøne kyrkjelyd»

Grønn menighet i Gol og Herad

Tilbake