Trusopplæringsplan


Trusopplæringsplana er grunnlaget for arbeidet vårt for barn og unge.

 

Trusopplæringa i Den norske kyrkje er utarbeidd som ei opplæring av døypte. Det er dåpen som gir medlemskap i kyrkja, og når vi inviterer til trusopplæringstiltak i kyrkja sender vi ut invitasjonar til medlemmar og tilhøyrande. Dei tilhøyrande er barn der minst ein av foreldra er medlem i Den norske kyrkja. Likevel ønsker vi at våre tiltak og arrangement skal vere opne for alle, og det er ikkje krav om å vere døypt for å delta. Vi sender gjerne invitasjonar til andre som er interesserte i vårt arbeid. Trusopplæringa er ei opplæring i kristen tru og livstolkning, med fokus på bibelforteljingar, bøn, song og andre kristne praksisar, og kan like gjerne vere ei opplæring til dåp, som ei opplæring av døypte.

«Heilt sidan den offentlege skulen vart etablert i Noreg på 1700-talet, og fram til slutten av 1900- talet, har kyrkja hatt skulen som ein viktig arena for undervisning av dei døypte, saman med oppseding og tradisjonsformidling i heimen og kyrkja. I dag har ikkje kyrkja lenger skulen som arena for trusopplæring. Trussamfunna har, saman med familien, ansvar for å lære opp medlemmene sine.» («Gud gir – vi deler. Plan for trusopplæring i Den norske kyrkja» Kyrkjerådet 2010, s 5)

Trusopplæringa bygger på den nasjonale trusopplæringsplana «Gud gir – vi deler. Plan for trusopplæring i Den norske kyrkja» frå 2010. Denne forutset at kvar kyrkjelyd utarbeider sin lokale trusopplæringsplan. Gol og Herad kyrkjelyd fekk midlar til trusopplæring allereie frå starten av trusopplæringsreforma i 2004 og har utarbeidd ei trusopplæringsplan som er under stadig evaluering og endring. Her er tiltak for alle aldersgrupper frå 0-18 år. Plana følgast opp av kyrkjelydspedagog, i samarbeid med prest, stab, trusopplæringsutval og sokneråd.

Plandokumentene finn du her:

«Gud gir – vi deler. Plan for trusopplæring i Den norske kyrkja» 

Plan trusopplæring Gol og Herad 2020

Tilbake