Kva er konfirmasjon?
Konfirmasjon heng saman med dåpen. Konfirmasjon handlar om å bli betre kjent med den kristne trua, livet ditt og spørsmåla dine. Som konfirmant får du lære meir om Gud og deg sjølv. Vi snakker om livet – på godt og vondt.
Kva skjer i konfirmasjonstida?
Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar og få nye opplevingar!
Dette er nokon av tema som vert teke opp i konfirmasjonstida:
Gud, Jesus og Den heilage ande
Vennskap og relasjonar, sjølvbilete og menneskesyn
Bibel og bøn, gudsteneste, dåp og nattverd
Solidaritet og nestekjærleik, miljø og rettferd
Sorg og glede, godt og vondt
KONFIRMANTSAMLING
Normalt samlast vi ca. to onsdagar i månaden på ettermiddagen. Samling-ane vil vera i kyrkjene, på Gol bedehus eller ute. Opplegget er under revidering i år! Følg med for meir info.
KONFIRMANTLEIR
Ved sida av samlingane reiser vi òg på HEKTA konfirmantleir i februar i
Håkons Hall på Lillehammer. I tre dagar vil det myldre av liv når over 1000
ungdommar møtast til leik, spennande aktiviteter, heftig sceneshow og fellesskap. Dette blir garantert en oppleving du vil leve lenge på!