Lys Vaken


Adventsnatt i kyrkja

5. og 6.-klassingar overnattar i kyrkja 30. november-1. desember 2024.

 

5.- og 6.-klassingane er velkommen til Lys Vaken med overnatting i kyrkja i november/desember.

Påmelding her. Påmelding innan 24. november 2024.

Vi starter laurdag kl 16. Då skal vi mellom anna leike, bli kjende med andre, vere med å førebu gudsteneste, utforske kyrkja, synge, ete mat og altså overnatte i kyrkja.

På sundag er det gudsteneste klokka 11, her har 5.klassingane ulike oppgåver. På gudstenestea er sjølvsagt foreldre, fadrar, søsken og vener er og hjarteleg velkomne.

​I gudstenesten får alle på 5. trinn "Bibelen - ei vandring gjennom den store forteljinga".

Lys vaken handlar om å være lys vakne for det som skjer rundt oss. Vi skal være lys vakne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve.

Vi avsluttar Lys Vaken med kyrkjekaffi når gudstenesten er slutt.

Om ein ikkje kan vere med på heile helga, eller vil overnatte heime, er ein velkomen til å vere med på nokon av aktivitetane!

Englevakter

For å kunne gjennomføre helga som planlagt er vi avhengige av nokre vaksne «englevakter». Spesielt treng vi minst ei nattevakt for å kunne gjennomføre med overnatting. Andre aktuelle oppgåver er matlaging laurdag eller anna praktisk hjelp.

Tilbake