4-årsboka deles ut i Gol kyrkje i mars.
Dei som fyller 4 år får invitasjon til to ettermiddagssamlingar og ein gudsteneste for små og store i Gol kyrkje i mars. Samlingane er for alle 4-åringar i Gol og Herad, og dei har ulikt innhald.
Her blir det bibelforteljing, sang med meir, og på gudstenesten blir det utdeling av "Mi kyrkjebok 4".
Mamma, pappa eller ein annan vaksen må gjerne vere med om det kjennes trygt, og ein er velkommen til å vere med, sjølv om det ikkje passar på begge samlingane eller gudstenesten.