Gol kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Livet i kyrkja framover


 

Samfunnet er opna opp att etter 1 ½ år med smittevernreglar. 
Alle reglar om avstandskrav, begrensning i antal på arrangement og registreringsplikt, er nå fjerna. Dette betyr at alle arrangement og aktivitetar i kyrkja sin regi blir nå gjennomført på same måten som før pandemien starta.

Nokon generelle smittevernråd for samfunnet er fortsatt relevante for verksemda i kyrkja:

  • Gode handvaskrutinar
  • Host i papirlommetørkle eller albuen
  • Hald deg heime om du er sjuk, og følg råda for testing

Det vil fortsatt vera handsprit tilgjengeleg i inngangspartia. Om det skulle bli lokale tiltak på grunn av covid-19 utbrot, så vil retningslinene for arrangement i kyrkja sin regi følgje dei tiltaka som Gol kommune til eikvar tid har.  Det vil seia at det kan bli nye tiltak på kort varsel om ein slik situasjon skulle oppstå.

Tilbake