I konfirmasjonstida får du lære om Gud og deg sjølv.
Vi snakkar om livet - på godt og vondt.
Det er tid og rom for å tenkje og stille spørsmål.
Samstundes får du mange nye opplevingar med nye og gamle venar.
I løype av konfirmasjonstida skal saman utforske ulike temaer:
Kvar kjem eg frå?
Kva skal eg bruke livet til?
Vennskap og menneskeverd.
Sorg og glede.
Kjærleik, seksualitet og samliv.
Klima, miljø og rettferd.
Finst Gud?
Kven er Jesus?
Korleis kan eg vere noko for andre?
KONFIRMANTSAMLING
Konfirmantida varar frå september til mai. Vi samlast ca. ein til to ganger i månaden. I tillegg kjem andre arrangement og gudstenesta. Samlingane vil vera i kyrkja, på bedehuset eller ute.
KONFIRMANTLEIR
Ved sida av samlingane reiser vi òg på HEKTA konfirmantleir i febraurmånaden i Håkons Hall på Lillehammer. I tre dagar vil det myldre av liv når over 1000 ungdommar møtast til leik, spennande aktiviteter, heftig sceneshow og fellesskap. Dette blir garantert ein oppleving du vil leve lenge på!
KONFIRMANTFESTIVAL
Konfirmantfestival er det som tidligare vert kalla Nattcup. Vi samlast konfirmantar frå heile Hallingdal ein laurdag i feb/mars på Gol samfunnshus. På festivalen skal vi vera med på innebandyturnering eller delta på ulike seminar innan dans, drama, musikk. Vi skal ha solidaritetstivoli, der vi samlar inn pengar til KFUK Bangladesh og avsluttar kvelden med gudsteneste samen.
KONFIRMASJONSDAGEN
Selve konfirmasjonsdagen er ein festdag for deg, familien og kyrkjelyden. Den markerar avslutninga på ein spennande tid, der du har vore samen med andre for å snakke, lytte og lære, skape og erfare. I Den norske kyrkja er konfirmasjonen ein forbønnshandling der du vert bedt for. Konfirmasjonsgudstenesta er høgtideleg, og alle konfirmantene kneler ved alterringen og presten ber for deg. Du treng ikkje sei noko eller bestå noko prøve den dagen. Konfirmasjon er ingen prestasjon der du må bevis noko. På konfirmasjondagen bekrefter vi døpens løfte - du er elska og skapt i Guds bilete, og Gud ynskjer fellesskap med deg.
https://www.youtube.com/watch?v=KvyBXr83HEs&feature=emb_rel_end