Fasteaksjon 2021


Digital innsamling

 

 

AKE FOR LIVET 21. MARS PÅ GOL!

AKE FOR LIVET:

Bli med på sponsorløp saman med konfirmantane! Små og store er velkomne til å delta i løpet eller sponse ein deltakar!

Søndag 21. mars kl 11.00 blir det utegudstenest ved kyrkja, der konfirmantane deltek. Etter gudstenesta vert det sponsorløp.

Om løpet:

Ake for livet er eit sponsorløp der deltakarane skaffar sponsorar som støttar løparen sin innsats (altså kor mange rundar du klarar på 20 min). Sponsoren bidreg med eit fast beløp eller eit beløp per runde deltakaren gjennomfører. Jo fleire rundar deltakaren klarar, jo større blir bidraget frå sponsorane.

Framkomstmiddel vert anten akebrett/akematte/snowracer/kjelke/lage eit eige framkomsmiddel (td setje eit par ski på ein gamal stol). Den mest kreative vinn ein premie!

Kven kan sponse?

Alle kan vera sponsor - naboane, vener, foreldre, besteforeldre, sysken, faddrar osv.

Kva går pengane til?

Aldri før har reint vatn vore så viktig som i 2020, då pandemien ramma oss alle. Utfordringane ilag med dette held fram i 2021, der vi ser at Kirkens Nødhjelps 60 år lange erfaring, kunnskap og arbeid med vatn er livsviktig i kampen mot det dødelege viruset. Vi held fram med vårt forebyggjande vassarbeid mellom anna ved å byggje handvaskstasjonar, køyre ut vassbilar og drive opplæring i hygiene for å forebygge covid-19. I årets aksjon reiser vi til landsbyen Kasalaulo i Zambia, der Kirkens Nødhjelp i 2018 bygde ein brønn. Dei positive effektane av brønnen er mange, og vi blir betre kjent med dette gjennom Susan, Champo og Japhet.

PÅMELDING:

Sponsorløpet startar etter gudstenesta. Du melder deg på rett før løpet ved å levere inn namn og tlf med ei liste over sponsorar. Då vil du få utdelt eit startnummer.

Kontakt diakonmedarbeidar Sissel Rudningen for meir informasjon om Fasteaksjonen og Ake for livet. E-post: sissel.rudningen@gol.kommune.no tlf: 47627663

 

Tilbake