Vi feirer skulestartarane med å ønske dei velkomne i kyrkja i tida rundt skulestart.
Dei som fyller 6 år og skal begynne på skulen får invitasjon til aktivitetar i kyrkja, og til gudsteneste i Herad kyrkje.
Vi snakkar litt om skulestart, høyrer bibelforteljing, syng og leikar saman, og på gudstenesten blir det utdeling av "Mi kyrkjebok 6".
Mamma, pappa eller ein annan vaksen må gjerne vere med om det kjennes trygt.