Ein MÅNDAG i månaden på bedehuset for heile familien. Aldersdelte fellessamlingar og aktivitetar for barn 0-13 år.
Gullrekka er barneklubb for alle frå 0 år til 7. klasse.
Vi treffast no på Gol bedehus ein MÅNDAG i månaden.
Her er det mogleg å kjøpe tacomiddag til heile familien i tidsrommet
16.30-17.30.
17.30-18.00 startar vi opp med FELLESSAMLINGAR. Vi deler i to:
- 0 år til 3. kl har samling rundt «Sprell levande» frå sundagsskulen
- 4. til 7. kl har samling med «Aldri alene» frå sundagsskulen/acta
18.00 deler vi i AKTIVITETSGRUPPER. Barna velger kva dei vil vere med på.
- SANG OG MUSIKK Her synger vi gamle og nye sangar, dansar litt og leikar sang- og musikkleikar. Vi tilpasser så godt vi kan musikken til alderen på dei som er med denne kvelden.
- HOBBY Her lagar vi fine ting i ulike materialer, ulike aktivitetar frå gong til gong.
- AKTIV Denne gruppa kan ein velje frå 3./4.. klasse. Dei går ut, til gymsalen eller til klatrehallen og har aktivitetar der. Det kan vere leik eller ballspel, klatring vanlegvis ein gong i semesteret.
Vi avsluttar kl. 19.00, men det er mogleg for dei minste å gå heim før. Dei som er ute/i gymsal/klatrehall, kan hentast der aktiviteten er kl 19.15.
Datoar vårhalvåret 2023:
16. januar, 13. februar, 6. mars, 24. april og 5. juni
Medlemskontigent på 50,- kr pr barn per år.