Ledig stilling som diakon - Vikariat


Gol og Herad sokn har ledig vikariat for diakon  i  30% stilling – vikariat 01.12.21- 30.04.2022.

 

Gol kommune ligg i Hallingdal prosti og det er god forbindelse til både Oslo og Bergen. Gol har om lag 4 600 innbyggarar og frå 2020 er det berre eitt sokn i kommunen med to kyrkjer. Kommunen har god tilgang til friluftsliv både sommar og vinter. I tillegg er det svært mange aktivitetstilbod for barn og unge. Bygda har eit fargerikt fellesskap med mange nasjonalitetar.

Ved Gol kyrkjekontor er det totalt 6,5 årsverk fordelt på 8 tilsette. Vi er godkjent som Grøn menighet. Sjå gjerne på heimesida vår www.gol.kyrkja.no

 

                 

Gol og Herad sokn har ledig vikariat for diakon  i  30% stilling – vikariat 01.12.21- 30.04.2022.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Intergreringsarbeid
  • Besøksteneste
  • Samling på eldrebustader og institusjon
  • Arbeid i forhold til vedteke diakoniplan

Den faste diakonen har utarbeidd gode planer og oppsett for alt arbeidet. Det vil vera samarbeid med ein annan diakonvikar.

 

Kvalifikasjonar:

  • Søkjar må vera medlem av Den norske Kyrkje
  • Personlege eigenskapar for stillinga vil bli vektlagt
  • Tilfredsstillande politiattest må leggast fram ved tilsetting.
  • Må disponere eigen bil

 

Personlege eigenskapar:

  • God kommunikasjon både med enkeltmenneske og samarbeidande instansar
  • God samarbeidsevne
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og i team

 

Vi tilbyr:

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Kontorplass saman med dei andre kyrkjeleg tilsette i Gol kommunehus
  • Løn etter KA sitt lønsregulativ.
  • Pensjonsordning i KLP

 

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Anne Gerd Jorde tlf. 971 58 134.

Søknad med attestar, vitnemål og referansar kan sendast til kyrkja@gol.kommune.no

innan 26. oktober 2021.

Tilbake