Informasjon om dåp


Gratulerer med barnet og velkomen til dåp!

Det er om lag 50 dåp i Gol og Herad sokn i året.

Dei fleste vert døypte som spedbarn. Men kvart år er det også større barn, ungdomar eller vaksne som vert døypte. Vi ynskjer å ha som hovudregel at dåp vert lagt til dei gudstenestene vi har i kyrkjene. Sidan dåpen gjev medlemsskap i kyrkja, vil vi at kyrkjelyden er samla når dåpen finn stad. Dersom særlege grunnar talar for det, held vi dåpen rett etter gudstenesta er ferdig. Elles skjer dåpen i starten av gudstenesta. Vi ynskjer å koma i møte dei ynskja de måtte ha om dato.

Difor legg vi til rette for at det kan vera dåp på dei aller fleste gudstenestene i Gol eller Herad kyrkjer.
 

Datoar for gudstenester framover finn de her på nettsida eller i Kyrkjebladet. Ta deretter kontakt med kyrkjekontoret for å avtala dato. Dersom de ikkje er busett i Gol, kontaktar de kyrkjekontoret der de høyrer heime. Dei tek seg av registrering av opplysningar som vedkjem dåpen, og sender så melding om dette til oss.

Den som vert døypt skal ha fadrar – minst to. Foreldra skal ikkje vera fadrar.

Viktig informasjon ved val av fadder.

Ein fadder er eit vitne som har eit ansvar. Ved å vera vitnar under dåpen tek fadrane på seg viktige oppgåver med å hjelpe til å gje barnet opplæring i den kristne tru, og dei bør difor veljast med dette for auge. Som fadder kan det berre veljast personar som er medlemmar i Den norske kirke, eller andre kristne som ikkje forkastar barnedåpen. Kvart born som vert døypt, skal ha minst to fadrar, og dei må ha fylt 15 år. Det er ingen øvre grense for kor mange fadrar barnet kan ha. Det er presten som skal sjå til at valet av fadrar svarer til disse føresetnadene.
Det er viktig at fadderen er til stede under sjølve dåpen, men viss nokon blir forhindra kan ho/han likevel registrerast som fadder. Minst to av fadrane må vere til stades ved dåpshandlinga. Ettersom fadderansvaret er så nært knytta til dåpen er det ikkje mogeleg å legge til eller stryke fadderen i ettertid. Å være fadde
r opplevast for mange som et stort og gledeleg ansvar. Mange får et spesielt og nært forhold til barnet man er fadder til. Fadderansvaret dreier seg om å vise omsorg for barnet og bidra i barnet si trosopplæring. Frå kyrkja si side sjåast hovuddelen av fadderansvaret å være oppfylt ved konfirmasjonen.

 

Før dåpen må de ha valgt namn til barnet, og gjeve melding om dette til folkeregisteret.  Dette må skje før barnet er seks månader gamalt. Send ein kopi av fødselsattesta til kyrkjekontoret. I forkant av dåpsdagen tek presten som skal forretta dåpen kontakt med dykk, og gjer avtale om ein samtale. Her går vi gjennom liturgien for dåpshandlinga, og samtalar elles om korleis dåpen kan følgjast opp i heimen. I einskildtilfelle vert det aktuelt med nauddåp/heimedåp. Då held vi seinare stadfesting av dåp på ei gudsteneste i kyrkja. Meir om dåp kan du finne den norske kyrkja si heimeside. www.kirken.no 

Tilbake