Etter gravferdslova er det ein person som skal sørgje for gravferda. Dette betyr at vedkomande blant anna skal ta dei nødvendige avgjerslene om kvar den døde skal gravleggjast dersom det er aktuelle valmoglegheiter. Vedkomande skal også bestemme kva for gravferdshandling som skal veljast, anten den norske kyrkja si handling eller anna ordning. Den som har ansvar for gravferda, bestemmer også kven som skal vera ansvarleg eller festar for grava. Dersom den døde sjølv var festar til graver, må det finnast nye festarar til alle dei gravene dette gjeld.
I kva grad den som sørgjer for gravferda, skal respektere den avdøde sine ynskje, er ei vurderingssak, men når det gjeld kremasjon, er ein forplikta til å følgje avdøde sitt ynskje dersom vedkomande har ytra seg for eller mot kremasjon.
Kyrkjegardskontoret kan gi rettleiing om kven som kan sørgje for gravferda.
Gravlegging av kiste skal normalt finne stad seinast ti dagar etter dødsfallet, og nedsetjing av urne seinast seks månader etter dødsfallet.