Til deg som skal velje ny grav


Den som er busett i Gol, kan få grav på Gol eller Herad kyrkjegard. Det gjeld også sjølv om avdøde på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet.
Når ny kistegrav vert teken i bruk, er det mogleg å feste ei grav ved sida av denne. I spesielle høve kan ein etter søknad få feste to graver ved sida av den første. Desse gravene utgjer då ein gravstad.
Ei ny grav som blir teken i bruk, er fri for betaling så lenge ho er freda, det vil seie i 20 år i Gol. Det blir kravd festeavgift frå fyrste stund for graver som vert festa ved sida av nye graver. Ved bruk av særskild urnegrav kan det ikkje festast grav ved sida av denne, men fleire urner kan setjast i same grav.
 
Det er også mogleg å velje anonym grav. Då kan det ikkje setjast opp gravminne, og grava si nøyaktige plassering vil berre vera kjend for kyrkjegardsadministrasjonen.

 

 

Tilbake