Til deg som er festar av ein gravstad


 

Den som sørgjer for gravferda, må oppnemne ein festar for gravstaden. Feste av grav kan berre skje ved dødsfall. Ein eksisterande gravstad kan festast i inntil 60 år etter siste gravlegging. Festet vert fornya for 5 år om gongen, og rekning vert send ut frå kyrkjekontora når det er tid for fornying av festet. Når det er gått 60 år sidan siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan særskilt samtykke frå kyrkjeleg fellesråd. I god tid før festetida er ute, blir festaren varsla frå kyrkjekontoret. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden tilbake til kyrkjegarden.

 

Du har rett å stelle gravstaden og plikt til å sørgje for at han ikkje er i forfall. Vidare har du rett til å bestemme kven som skal gravleggjast der. Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykke frå festaren. Dersom festaren sitt samtykke til bruk av grav ikkje kan hentast inn, kan kyrkjeleg fellesråd ta avgjersle om gravlegging. Dersom du ynskjer å overføre festeretten til ein annan person, må det skje med samtykke frå kyrkjekontoret. Festar pliktar å melde frå om eventuelle adresseendringar.

 

Dersom ein festar døyr, skal dødsbuet melde frå til kyrkjekontoret om kven festet skal overførast til. Dette gjeld alle gravstader der vedkomande er festar.

 

Tilbake