Det er høve til å setje opp eitt gravminne på kvar gravstad, og det kan skje tidlegast to månader etter gravferda. Ved gravlegging av kiste om vinteren kan gravminne tidlegast monterast 1. juni.
Dei tilsette ved kyrkjegarden vil sørgje for planering og tilsåing av grava etter gravlegging. Likeeins vil det bli sett opp eit enkelt merke med namnet til den avlidne. Dette merket står der til gravminnet er kome på plass.
Dersom gravminnet er utsmykka med gjenstandar av slik karakter at det medfører meirarbeid ved flytting, eller utsmykkinga står i fare for å gå tapt under arbeid på kyrkjegarden, må festar sjølv ta kostnaden med eventuell istandsetjing. Den som er festar av ein gravstad, er ansvarleg for at gravminnet ikkje forfell eller er til fare for andre. Gravminnet skal sikrast med forskriftsmessig fundament/sokkel og boltar som bitt fundament og gravminne saman.
Forskrifter til gravferdslova gir retningsliner for godkjenning av gravminne, og gravminnet skal derfor godkjennast av kyrkjeverja før det kan setjast opp. Det ligg føringar i forskriftene om kor stort og tungt eit gravminne kan vera. Dersom du ønskjer å bruke ein naturstein, så ta kontakt med kyrkjekontoret for å finne ut om denne kan brukast.
I Gol er hovudregelen at gravminnet blir sett på venstre grav på ein gravstad som har fleire graver.
Etter at kyrkjekontoret har gitt melding til festar av gravstad, kan gravminnet fjernast når fredings- og festetida på ei grav er ute. Fjerning og destruering av gravminne blir gjort av kyrkjegardspersonalet med mindre festaren sjølv ynskjer å fjerne det.
Ved opning og lukking av grav hender det at det vert lagt jord eller gjenstandar inn på nabograver. Dei tilsette på kyrkjegarden har høve til, utan å innhente løyve frå festar, å mellombels fjerne/leggje ned gravminne. Dette blir gjort for å betre tilkomst utan å skade gravminne, eller fordi det er nødvendig i forhold til sikring ved graving.
Bruk god tid på å bestemme gravminne. Dette er ikkje noko som treng å bestemmast før etter at gravferda har vore. Gravferdsbyrå kan hjelpe til med å skaffe gravminne. Det er også mogleg å ta direkte kontakt med firma som arbeider med dette.