Til deg som skal stelle grava


 

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje være breiare enn breidda på gravminnet. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm målt frå bakkanten av gravminnet. Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet, eller som går ut over plantefeltet. Lause dekorasjonar skal fjernast etter bruk.
 
Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt steinkant som fluktar med terrenget rundt. Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vera grasbakke på alle sider av gravminnet.
 
På kyrkjekontoret er det mogleg å gjera avtale om stell av plantefelt mot betaling. Her
kan det lagast avtale både på årleg basis og over lengre tidsperiodar ved oppretting av eit gravfond.
 
Det er også mogleg å få kjøpt plantekasse og få denne montert ned i plantefeltet. Kyrkjekontoret sel slike kasser. Desse fungerer slik at ein treng berre fylle på vatn nokre få gonger i løpet av sommaren.

 

Tilbake