Årsmelding for Herad sokneråd 2019


 

ÅRSMELDING HERAD SOKNERÅD 2019

 

Soknerådets samansetning:

 

Jan Olav Skinnemoen                         Sokneprest

 

Gunn-Astrid Frøysok                          leiar/ medlem fellesrådet / rep.til Kirkens Nødhjelp - bistå ved fasteaksjonen

Kari Birgit Møllerplass                       nestleiar / medl.trusopplæringsutvalet

Olveig Engene                                    sekretær / diakoniutvalet / varamedl.fellesrådet

Gerd-Marie Karterud Storebraaten   medlem / medlem til styret i kyrkjebladet / varamedlem fellesrådet

Laila Linnea Andersen Bakke             medlem / medlem fellesrådet           (nestleiar)      

Sven Gøran Bråthen                           medlem / medlem til samarbeid med kristne organisasjonar.

 

 

Einar Sillerud                                      varamedlem./ varamedlem til Kirkens nødhjelp – bistå ved fasteaksjonen

Karianne Østro                                   varamedl./medlem til Kyrkjemusikkutvalet/Gudstenesteutvalet

Kathrine Grangård Leikvold               varamedl. / varamedl.trusopplæringsutvalet

Marianne Rese Brenn                        varamedl. / varamedl.diakoniutvalet

 

 

Frivillig til trusopplæringsutvalet       Hanne Mari Brenno Grubben

 

Frivillig til diakoniutvalet                   Bjørg Haldis Kjørkleiv Hoftun.

 

 

Prestetenesta har vore ved sokneprest Jan Olav Skinnemoen, Camilla Osnes og vikarar.

Jan Olav gikk av med pensjon 1. oktober. Etter det har Arne Jensen vore med i soknerådet og vikariert som prest. Det har også vore fleire vikarar.

 

 

Kyrkjeleg statistikk (Tal frå i fjor i parantes)

 

Gudstenester på sundagar og helligdagar var 25( 20) med besøkjande 1358  (1034). 2 av desse gudstenestene har vore på andre stader enn i kyrkja.

Ei  gudsteneste vart halden ute, på Søråsen ved Kyrkja, 1. påskedag. Den andre ved Gol campingsenter ved sankthans.

 

Det har vore 1  gudsteneste utanom sundagar og helligdagar med 235 besøk.

 

Antall døypte:                                                                        15 (14)

 

Konfirmantar:                                                                        13 (14)  

 

Vigslar:                                                                                  2  med 105 deltakarar (3) med (201) deltakar

 

Tal på gravferder                                                                   8 (10)

 

Gudstenester med nattverd                                                  11 med 182 nattverdsgjester (12) med (157)

 

Gudstenester med dåp                                                          14 med 671 besøk (11)  med (540) besøk

 

Gudsteneste særleg tilrettelagt for barn                              2 med 161 besøk (1) med (64)

 

Gudsteneste særleg tilrettelagt for ungdom                        2 med 120 besøk   (2) (108)     

 

Konfirmasjonsgudstenester                                                   2 med 306 besøk (2)  med  (248)  besøk

 

Gudsteneste på juleftan                                                        1 med 235 besøk (1) med (220) besøk

 

Gudstenester i påska                                                             1 med 25 besøk (1)  med (24)  besøk

 

Gudsteneste i pinsa                                                               1 med 50 besøk

 

Temagudsteneste                                                                  1 med 21 besøk

 

Besøk av barnehagen i kyrkja                                               1 med 2 avdelingar.

 

Konsertar:                                                                              2 med 88 besøk (3) med (105)                                                                       

Open kyrkje:                                                                           60 (60) dagar

 

 

Totalt antal frivillige som har vore med i løpet av året er  40 (52).

Soknerådet vil få rette ein stor takk til alle dei frivillige.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Soknerådet har arrangert og arbeid med desse sakene:

 

  • Vi har hatt 6 møter i 2019. To av desse har vore felles møte saman med Gol sokneråd, Det eine møte var godkjenning av valliste for Gol og Herad sokneråd til kyrkjevalet. Det andre møte var behandling av søknad til prestestilling i Gol.
  • Kyrjevalet 2019.  Frå Herad sokneråd har Kari Birgit Møllerplass og Gerd-Marie K. Storebraaten vore med i Nominasjonskomiteen.

    Me har godkjent informasjonsplan for kyrkjevalet og alle medlemmane i soknerådet var på valkurs før valet.

    Til kyrkjevalet 9. september vart det sett opp vaktliste for medlemmar og stab.

     

  • Dette året har vi fått ny kjøkkeninnredning i dåpssakrestiet. No er det sett inn eit minikjøkken med kjøleskåp, komfyrtopp, oppvaskmaskin og oppvaskkum. Det er også ny kjøkkenbenk med skåp under. Arbeidet er utført av Storebraaten VVS, Helge Skaret og kyrkjetenar Ludvig.

     

  • Fordelt offersøknader for 2019

 

  • Fordelt kven som skal vera kyrkjevertar i 2019 i Herad kyrkje og stavkyrja.

 

  • Ved ofringar har det kome inn kr. 36595,-  (40546,-) . Av dette har kr. 14157,-  gått til kyrkjelydsarbeid.  (15627,-)

 

  • Årsfesten var 17. mars 2019 i lag med Gol sokneråd på Gol bedehus.  

Gol sokneråd ved leiar Trygve Lono Smedsgård leda årsmøtet denne gongen.

Liv Karin Bakke Haugen fortalde og viste bilete frå turen sin til Gambia med 4H.

Justin spelte til bordvers og songar.

 

  • Påskegudstenesta 1. påskedag var i år som i fjor ved «Kyrkja» på Søråsen.

    Widar Torp laga i stand ein fin plass ved vegen.   Jan Olav held friluftsgudstenesta der det møtte opp skiløperar og køyrande i alt 25. Justin spelte på keyboard og Jan Olav på trompet.

 

 

  • Sundag 31. mars  kl 11 i Herad kyrkje hadde Camilla Osnes samtalegudsteneste med konfirmantane. Etterpå var det konfirmantfest på Gol bedehus.  Der hadde vi i soknerådet dekka og pynta bord og sto for servering til  konfirmantar med familie.

    Gunn-Astrid ønska velkomen, leda festen og fortalde litt om soknerådet, kva det er og kva vi driv med. Informerte om at det er kyrkjeval og at konfirmantane har stemmerett.

    Gøran hadde underhaldning med KAHOOT, som var veldig artigt for alle.

    Justin spelte piano til sanger og bordvers.

    I år vart det sendt ut invitasjon med påmelding til festen. Det møtte 43 personer og vi hadde ei triveleg stund i lag.

     

  • Fasteaksjonen var tysdag 9. april. Konfirmantar og foreldre var med og samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp i den årlege innsamlinga. I år som i fjor var basen på Gol bedehus.

    Kyrkjekontoret ordna alt av utstyr og bevertning til dei som var med.

    Martha hadde ansvaret samen med fleire frå sokneråda for å lage i stand bøsser og utstyr til fasteaksjonen ein kveld før. 

    Inger og Olveig serverte kakao, saft og boller til dei som var med.

    Frå Herad sokn vart det samla inn kr 12228,- (11 101,-)

 

  • Dugnad på kyrkjegarden tirsdag 30. april. Det møtte opp omlag 29 personar.

    Det vart raka lauv og beisa krakkar.  Det vart servert kaffi, saft og kaker. Me hadde ei trivelg kaffistund ute i fineveret. 

    Soknerådet ynskjer å rette ein stor takk til alle som møtte fram og gjorde ein innsats på dugnadsdagen for å få kyrkjegarden vår fin og velstelt.

     

  • Kari Birgit tok i mot telegram til konfirmantane i Herad kyrkje fredag 3.mai kl 17.00-18.30.

 

  • Konfirmasjon var 5. mai med 13 konfirmantar. Det var to konfirmantgudstenester, kl 10.00 og 12.00 med Camilla Osnes som prest.

 

  • Kyrkja vart helden open 20 dagar i juli. Denne ordninga fungerer fint. Kyrkjetenar låser opp kyrkja om morgonen og medlemmer av soknerådet låser att på ettermiddagen. Det vart lagt ut ei gjestebok for besøkjande.

     

  • Herad kyrje er open kvar tirsdag mellom kl. 15 og 16 for stillhet og bøn.

Alle er velkomne. Diakon Martha er kontaktperson.

Du kan koma å gå akkurat når du ynskjer.

Det er også en kort samling rundt lysgloben for felles lystenning og bøn på

slutten.

 

  • I haust vart det lagt ny og fin asfalt på parkeringsplassen ved Herad kyrkje.

 

  • Fårefestival 20 september.

    Medlemmer frå Gol og Herad sokneråd i lag med staben på kyrkjekontoret hadde stand i Gol sentrum denne dagen. Det vart delt ut brosjyrer om dåp, trusopplæring, vigsel og aktivitetar i løpet av året. Det var bålpanne og spørsmål. Triveleg dag med mange innom.

 

  • Hauststell på kyrkjegarden. Ludvig kjøpte inn røsling og Gerd-Marie frå soknerådet planta ut på graver til dei som hadde tinga denne ordninga.

     

  • Tilsetting av ny prest.

I september vart det tilsett ny prest i Gol og Herad sokn. Leiar har vore med på intervju og tilsetting. Sokneråda har godkjent tilsettinga.

Vår nye prest vart Arnstein Bleiktvedt som er født og oppvaksen i Gol. Han skal starte 1. februar 2020 med innsettingsgudsteneste 2. februar 2020.

 

 

  • Avslutningsfest for Jan Olav.

29. september hadde Jan Olav sin siste gudsteneste i Gol kyrkje. Herad sokneråd var med å laga i stand til fest på bedehuset etter gudstenesta i lag med staben. Dette vart ein fin og triveleg dag med taler, underhaldning og gode snitter og kaker. Festen vart leia av ordførar Heidi Granli.

 

  • På siste møte for perioda 2015-2019 var begge sokneråda saman med  det nye soknerådet. Her vart det nye Gol og Herad sokneråd konstituert.

 

  • Herad sokneråd sitt regnskapsmessige mindreforbruk er i år kr 13 305,75 (kr. 6701,-)

     

     

     

På vegne av Herad sokneråd vil vi få takke alle tilsette i kyrkja og alle frivillige medarbeidarar samt Gol kommune for eit godt samarbeid i 2019.

 

 

 

 

Herad, den 14.02.2020

 

Gunn-Astrid Frøysok                                                                        

Leiar                                       

Tilbake