Vi inviterer 7.- og 8.-klassingane til å bli med på pilegrimsvandring i juni annakvart år. (Neste gong 2026)
Vi møtes ved Gol bedehus klokka 10. Herifrå skal vi gå pilegrimsruta til Herad kyrkje. (Visste du at vi har ei pilegrimsrute i Gol?) Turen er ca 5,5 km og har nokon bratte parti, men har hovudsakleg gode og enkle vegar og stiar.
Vi reknar med å vere ferdige og klare for heimreise frå Herad kyrkje klokka 16.00.
Dei som blir med blir pilegrimsvandrarar for ein dag, og de for vere med på speidaraktivitetar kor dei lærer om vekstar i naturen som kan etast, bruk av kniv, fyrstehjelp og mykje anna. I tillegg skal vi bli godt kjent med ei bibelforteljing.
Du må ha på gode sko og sokkar, kle etter vêret. Om du ikkje treng jakka på, puttar du den i sekken. Der kan du og gjerne ha ein spikkekniv om du har – elles får du låne. Ta med matpakke, drikkeflaske med drikke, kopp, sitteplate, eventuelt ekstra kle.
For meir informasjon ta kontakt med Britt Marie Haraldset på 951 22 136 /britt.marie.haraldset@gol.kommune.no
Bilete frå vandringa i 2024 (foto: Britt Marie Haraldset):